PhD Doktorgrad
Fordjuping i kvantitative forskingsmetodar
Studiet skal gi deg kompetanse til å kunne nytte statistiske analysemetodar, samt underbygge og argumentere for eigne val av metodologiske og analytiske tilnærmingar. Utforming av forskingsprosjekt, datainnsamling og utnytting av kvantitative data vert vektlagt.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 5
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- PhD Doktorgrad
- Søk frå:
- 15.06.2026 - 20.08.2026
Du skal få kunnskap og innsikt i ulike framgangsmåtar i kvantitativ forsking. Moglegheiter og avgrensingar som ligg i dei vanlegaste tilnærmingane innafor samfunnsvitskapleg metode vert særleg vektlagd. I emnet vert det drøfta kva slags problemstillingar ein kan gripe med dei ulike tilnærmingane, korleis tolke resultat og kva føresetnadar som gjeld for ulike typar data eller analyse.
Meir informasjon om studiet
Emnet inngår i studieprogrammet Utdanning, språk og kultur - ph.d.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er samlingsbasert med veksling mellom førelesingar, seminar, diskusjon, framlegg av kandidatane sine forskingsdesign, gruppediskusjonar, og praktisk gjennomføring av analyser i seminar. Du skal presenterer og diskuterer forskingsdesign og val av statistiske analysemetodar for medkandidatar og faglærar både ut frå eige prosjekt og tidlegare publiserte studiar.
Det ein føresetnad at du deltek aktivt på seminaropplegget i diskusjonar rundt val og bruk av ulike forskingsmetodar.
Opptakskrav
Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga. I tillegg må emnet Forskingsmetodar (DRUSK903) vere bestått.
I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-programmet.
Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag.

