PhD Doktorgrad
Fordjuping i kvalitative metodar
Studiet har som mål å utvikle deltakarane sine individuelle forskingsferdigheiter på avansert nivå, og har særleg fokus på korleis kandidatane vel ut og bruker kvalitative metodar i møte med eige forskingsmateriale.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 5
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- PhD Doktorgrad
- Søk frå:
- 09.07.2026 - 20.08.2026
Undervisninga har fokus på korleis kunnskapsteori og metodologiske føresetnader i dei ulike tradisjonane får konsekvensar for analysearbeidet. Det vert lagt vekt på ulike former for datamateriale samla gjennom ulike typar observasjon, kvalitative samtalar og intervju. I tillegg tek emnet føre seg val av analysestrategi og teoriutvikling på grunnlag av empiri.
Meir informasjon om studiet
Emnet, som byggjer på DRUSK903 Forskingsmetodar, er ein del av Ph.d.-program i utdanning, språk og kultur.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er samlingsbasert med førelesingar, diskusjonar og seminar der kandidatane presenterer og vurderer eigne metodeval i samråd med faglærar og medkandidatar.
Du skal levere eit utkast (arbeidskrav) til fagessay (ein individuell, vitskapleg tekst) om ei avgrensa kvalitativ metodisk problemstilling med relevans for eige ph.d.-prosjekt. Teksten skal beskrive og diskutere kvalitativ metodisk framgangsmåte og argumentere for val ut frå pensumlitteraturen, og ha eit omfang på 2000 – 2500 ord. Avsluttande vurdering i emnet er ein endeleg versjon av teksten i arbeidskravet (ca 3000 ord).
Opptakskrav
Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga. I tillegg må emnet Forskingsmetodar (DRUSK903) vere bestått.
I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-programmet.
Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag.

