Innføringsemne Vidareutdanning (bachelornivå)

Examen philosophicum

Deltid

Examen philosophicum skal gi deg innsikt i sentrale filosofiske spørsmål, og korleis ei rekkje filosofar har drøfta og svart på desse spørsmåla til ulike tider. Dei sentrale fagområda er filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.

Emnet kan inngå i bachelorgradar, og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta.

Søk studieplass!

Søknadskode : 3935

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 10

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Fagstoffet er fordelt på tre delar, og omfattar filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.

  • Del 1 gir oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
  • Del 2 gir eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.
  • Del 3 gir eit oversyn over grunnleggande problem og teoriar i moralfilosofien.

Les meir om det faglege innhaldet i emneplanen. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert førelesingar og seminar. Du skal arbeide med ei prosessoppgåve gjennom semesteret, og levere eit utkast av oppgåva etter nærare fastsette reglar og tider.

Les meir om eksamen i emneplanen 

Aktuelle yrke og vidare studium

Examen philosophicum kan inngå som emne i ulike bachelorgradar, og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål: Knut Willy Sæther


Last ned studiet som PDF