Innføringsemne Vidareutdanning (bachelornivå)

Examen facultatum

Deltid, Nettstudium

Examen facultatum legg vekt på nyare vitskapsteoretiske drøftingar og den historiske samanhengen dei går inn i.

I studiet vert det lagt vekt på at studentane reflekterer omkring vitskaplege grunnlagsproblem, og tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4001

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 10

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Faginnhaldet er delt i 3 delar:

1) Humanistisk vitskapshistorie

Delemnet tek opp korleis ein kan forstå omgrepet vitskap. Ein diskuterer tilhøvet mellom humaniora og naturvitskap, historismen og den språklege vendinga i humaniora.

2) Tekst og tolking

Delemnet tek opp hermeneutikkens historie. Ein diskuterer kva som ligg i omgrepet hermeneutisk metode, og fordjupar seg i den moderne debatten om hermeneutikk. Studenten vil også få ei kort innføring i moderne kulturforståing.

3) Kunst og samfunn

Delemnet tek opp kunstomgrepet i eit historisk perspektiv med særskilt vekt på litteratur. Ein diskuterer synet på kunst i ulike periodar, og ser på tilhøvet mellom litteratur og røyndom. Viktige spørsmål er på kva måte kunst er knytt til historie, kultur og kjønn.

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vert gitt gjennom nettleksjonar. Studentane fylgjer opp gjennom oppgåveskriving og responsar på medstudentar sine oppgåvetekstar. I arbeidet med den skriftlege oppgåva får studentane rettleiing frå faglærar.

Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanen for studiet.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er identisk med Ex. fac.-delen av det humanistiske innføringsstudiet HUM101, utan skrivekursdelen.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Katrin Lunde

Studieplan

Examen facultatum

Studieprogram: 
Examen facultatum
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
10
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
30 (dette talet er maksimum tal på studentar i Hum101, Hum102 og Hum103N samanlagt)
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

HUM103N er nettbasert, og er identisk med Ex. fac.-delen av det humanistiske innføringsstudiet HUM101, utan skrivekursdelen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om

  • fag- og vitskapshistorie
  • sentrale spørsmål i dei humanistiske faga.
Ferdigheiter

Etter fulført emne skal studenten 

  • ha trening i fagleg skriving på 100-nivå.
  • ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar
Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten  

  • ha utvikla allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk.
  • ha innsikt i ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet.
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nettbasert og undervisninga vert gjeven gjennom nettleksjonar. Undervisning og eksamen vert gjennomførde i haustsemesteret.

Ansvarleg
Katrin Lunde. Tlf. 7007 5109, e-post kl@hivolda.no

Last ned studiet som PDF