Vidareutdanning (bachelornivå)

Ernæring og helse

Studiet er relevant for fagpersonar i ulike yrkesretningar innanfor skule- og barnehagesektoren, helse- og omsorgsektoren, eller andre yrker innan folkehelse. Det kan også vere relevant for deg som har personleg interesse for ernæring og helse.

Ernæringssirkelen
Start: 
Haust Vår
Omfang: 
Deltid Nettstudium
Studiepoeng: 
15
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

For å oppnå ei god folkehelse, er det viktig å sikre eit godt kosthald i befolkninga. Ein føresetnad er då å sørge for god ernæringskompetanse. Ernæring og kosthald er eit viktig og aktuelt fagfelt, i eit samfunn med stor grad av ulike helseutfordringar som er ernæringsrelaterte. 

Studiet gir ei grunnleggande innføring innan ernæringslære, og du vil lære kva kosthald som fremjar god helse og som førebyggjer ulike livsstilssjukdommar. Det vil vere særleg fokus på mellom anna funksjon, omsetnad, behov og utnytting av næringsstoff, nasjonale anbefalingar for kosthald og ernæring, ernæring i eit berekraftig perspektiv og kosthald i befolkninga i Norge – status, utvikling og trendar.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert og blir gjennomført på digital læringsplattform. Emnet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Det blir gitt innspelt undervisning til kvar modul. Det er derfor ingen faste eller obligatoriske samlingspunkt og er såleis eit fleksibelt studieprogram som passar godt for dei som ynskjer å kombinere jobb og studiar. Studiet er organisert i modular, med individuelle arbeidskrav som må vere godkjende innan gitte tidsfristar før ein kan gå vidare til neste modul.   

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er relevant for ulike yrkesgrupper der ernæring og helse er viktig.