Til hovudinnhald

Vidareutdanning (bachelornivå)

Entreprenørskap i kulturnæringar

Deltid

Kva potensiale ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis kan idear realiserast og kva må til for å etablere eige føretak? Entreprenørskap i kulturnæringar skal gje forståing for korleis eigen fagkompetanse kan danne grunnlag for eiga verksemd og verdiskaping, samstundes som det vert lagt vekt på personleg utvikling og rolla som samfunnsbyggjar.

Entreprenørskap i kulturnæringar eignar seg spesielt godt for deg som har utdanning innanfor praktiske fagområde knytt til medie- eller kulturfeltet.

Stengt for søking

Søknadskode : 4109

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Vår

Studieinnhald

Emnet gjev innføring innan hovudområda entreprenørskap og entreprenøren, idéutvikling og kreativitet og etablering og kommersialisering.

Les meir om emnet

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, praktiske og næringsretta prosjekt i grupper, og individuelt arbeid. Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Undervisning kan bli lagt utanfor høgskulen som til dømes ekskursjonar, og studenten må difor pårekna kostnader til dette.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Janne Heggvoll