Årsstudium

Engelsk

Engelsk årstudium gir deg etterspurd kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkunnskapar.

Engelsk
Start:
Haust
Omfang:
Deltid
Studiepoeng:
60,0
Varigheit:
4 semester (2 år)
Studietype:
Årsstudium
Søknadsperiode:
01.02.2025 - 15.04.2025

Årsstudiet gir deg etterspurd kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkkunnskapar

Du får ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap.

Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

Studieinnhald

I løpet av studietida skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900-talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga på engelskstudiet varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Som deltidsstudent fullfører du 15 studiepoeng kvart semester.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Undervisninga på engelskstudiet varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Som deltidsstudent fullfører du 15 studiepoeng kvart semester.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Oppstart

The semester starts on Tuesday 20 August and there will be an orientation meeting for students taking the English Year Course (i.e. ENG141 and/or ENG142) that afternoon. For the exact time and place, please consult the college homepage.

Classes will begin on ENG141 on Wednesday 21 August in C-Paviljong at 11.30. There will be two two-hour classes on ENG141 that day, so teaching will run from 11.30 to 15.15.

The first class on ENG142 will run from 9.30 to 12.15 (i.e. for three hours) on Thursday 22 August in C-Paviljong. Please note that this is the only class that will take place on a Thursday this semester.

Classes are scheduled on a weekly basis and (with the exception of the first week of the semester) they take place on Mondays, Tuesdays and/or Wednesdays. The exact time and place of each class can vary, but this will be set out clearly in the full course schedule.

For both courses you should register for and read all the information provided on Canvas before teaching begins.

You can find a useful map of the college campus here.

 

ENG141 Grammar and Lexicology

You can find the complete reading list for this course here. You are expected to acquire all three books that appear under "obligatory reading."

If you would like to get ahead with your reading, we recommend you start with chapter 1 of the book Introducing English Grammar and chapter 1 of An Introduction to English Lexicology: Words, Meaning and Vocabulary.

There are two obligatory assignments on this course. The first will be posted on Monday 23 September, with a due date of Monday 30 September. The second will be posted on Wednesday 16 October, with a due date of Wednesday 23 October.

The exam will take place on Friday 22 November.

 

ENG142 Literature, culture and society after 1900

You can find the complete reading list for this course here. You are expected to acquire five books:

  • Chinua Achebe Things Fall Apart [novel]
  • Anne Carson Nox [poem]
  • Michaela Coel Chewing Gum Dreams [theatre play]
  • Art Spiegelman Maus [graphic novel]
  • Robert Young Postcolonialism: A Very Short Introduction [academic study]

You are also expected to acquire (or at least acquire access to) the film My Beautiful Laundrette, directed by Stephen Frears.

If you would like to get ahead with your reading, we recommend you begin with Art Spiegelman's Maus and then move on to one of the novels and/or one of the theatre plays.

There are three obligatory assignments. The first of these will be posted on Friday 6 September with a due date of Monday 16 September. The second will be posted on Wednesday 2 October with a due date of Monday 14 October. The third will be posted on Monday 28 October with a due date of Monday 4 November.

The exam will take place on Wednesday 4 December. Topics for one part of that exam (the literature essay) will be set a week earlier on Wednesday 27 November.

Pensum

Pensumlister for emne som starter høsten 2024:

ENG141

Studieplan

Engelsk - årsstudium (deltid)

Studieprogram: 
Engelsk - årsstudium (deltid)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
5
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kultur. I språkemna vil studentane tileigne seg god forståing av grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar av engelsk, og dei vil lære å bruke denne kunnskapen, skriftleg og munnleg, i ulike situasjonar. Studentane får utvikle språkkunnskapane sine vidare i litteratur- og kulturemna. Gjennom møte med ulike tekstar, både munnlege og skriftlege, får studentane utvide det engelske vokabularet sitt og tileigne seg den kulturelle kunnskapen dei treng for å bruke språket korrekt i ulike kontekstar. Dei vil i tillegg få kunnskapen og ferdigheitene dei treng får å forstå den historiske utviklinga av litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda fram til i dag.

Programmet kvalifiserer for vidare studium og kan nyttast i eit mangfald av karrierar. Etter fullført studium, kan studentane gå vidare til eit bachelorprogram og deretter eit masterprogram, som til dømes bachelorgraden i språk og litteratur og mastergraden i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. For studentar som allereie har ein mastergrad, vil årsstudiet kvalifisere til arbeid som engelsklærar i skulen, i kombinasjon med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning). Studiet vil også førebu studentane til arbeid som krev gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk, gode kommunikasjonsferdigheiter, kunnskap om litteratur og kultur, kritisk tenking, og evne til å analysere og presentere kompleks informasjon. Slike ferdigheiter er sentrale innan til dømes omsetjing, museums- og bibliotekarbeid, anna kulturarbeid, og journalistikk. Nokre av arbeidskrava på programmet vil vere relevante for arbeidslivet.

Ein rår til at studentar som vel å ta årsstudiet i engelsk allereie har gode skriftlege og munnlege engelskferdigheiter, og dei må vere budde på å lese eit stort utval eldre og moderne tekstar.

Det er lagt opp til obligatorisk undervisning kvar veke. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om engelsk grammatikk, leksikologi, fonetikk og ulike skriftlege og munnlege variantar
  • har kunnskap om strukturarar og funksjonar i det engelsk språket
  • har kunnskap om kultur, litteratur og samfunn i den engelskspråklege verda
  • har kunnskap om akademisk skriving og kjeldebruk
  • har kunnskap om den stilistiske og kulturelle konvensjonane som påverkar språkbruk i ulike situasjonar
  • har kunnskap om digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk knytt til grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar
  • kan analysere og diskutere litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda
  • kan bruke engelsk på ein korrekt og kommunikativ måte, både i skrift og tale
  • kan bruke digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan halde fram med å utvikle kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, anten gjennom vidare studium eller andre situasjonar
  • kan bruke kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, både i arbeid og fritid
Organisering og arbeidsmåtar

Programmet består av eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, anten i språk eller i litteratur, kultur og samfunn. Studentane kan starte på programmet anten i haustsemesteret eller i vårsemesteret.

Det vert lagt opp til klasseromsundervisning, gruppearbeid og sjølvstudium kvar veke. Det er krav om obligatorisk oppmøte på kvart av emna. For å kunne gå opp til eksamen, må studentane møte til og delta aktivt på minimum 75 % av all timeplanlagt undervisning. Dei må også levere og få godkjent dei obligatoriske arbeidskrava på kvart av emna.

Engelsk - årsstudium (deltid)
Praksis

Det er ikkje praksis i dette studiet.

Internasjonalisering

Det er lagt opp til eit obligatorisk to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York, knytt til emnet ENG144 Litteratur, kultur og samfunn før 1900 i det eine vårsemesteret. Studentar som ikkje har høve til å delta på turen, må formelt søkje om fritak. Dei vil i staden måtte utføre eit alternativt arbeidskrav der tema og type oppgåve blir bestemt av emneansvarleg.

Ansvarleg
Timothy Saunders