Fordjupingsstudium

Engelsk, fordjupingsstudium

Deltid, Heiltid, Samlingar

Fordjupingsstudiet gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4210 (heiltid/deltid)

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studentane skal opparbeide kompetanse i:

  • eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur
  • viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet
  • kritisk tolking og drøfting av språklege/litterære uttrykk kritisk tolking og drøfting av teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur
  • akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk
  • skriving av sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk

Opptakskrav

60 stp engelsk, årsstudium eller tilsvarande

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert ulikt i dei emna som inngår i studiet: sjå emneplanar. Det blir undervist i eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, språklege emne om hausten og litterære om våren. Oppgåvemnet bygger på eit undervist emne. Studentar kan ta begge same semester, eller dei kan ta oppgåvemnet etter det underviste emnet. Studentane kan ta studiet på heiltid eller deltid.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Både i privat og offentleg sektor er det etterspurnad etter arbeidstakarar med gode språkkunnskapar, evne til kritisk tenking og til å konstruere og tolke avanserte tekstar. Studiet kan inngå i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

 

Kontakt

ENG 207 and ENG 211: Jeannique Darby (emneansvarleg) eller Svenn-Arve Myklebost (seksjonsleiar)

ENG 213: Svenn-Arve Myklebost (emneansvarleg)

 

 

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Les meir om studiestart her 

***

We reserve the right to make any changes in time and plans due to Corona restrictions or rulings by the government.
 
Read more about the semester start here 

 

(Scroll down for information in English.)

Hausten 2020 er det tilbod om undervisning i ENG 207 Ordkunnskap og ordlæring.

[Du trenger ikkje å komme til campus før første undervisningsdag. All oppstartsinformasjon vil bli publisert på Canvas.]

Undervisninga vil finne stad på torsdagar og fredagar frå kl.10.15-13.00. Første undervisningsdag er 27. august. Det blir undervisning frå veke 35-47. Midt i semesteret blir det to periodar avsett til pensumlesing og førebuing av skriftleg arbeidskrav. De er veke 41, og vekene 43 og 44.

Emneplan og pensumliste finn du her og her. Det er viktig å registrere seg som student, betale semesteravgift og melde seg opp til eksamen slik at ein får tilgang til læringsplattforma Canvas, der meir informasjon om studiet vil bli publisert fortløpande. Her vil ein også finne informasjon om rom.

 

Information in English:

In the autumn semester 2020, we will offer the course ENG207 English vocabulary: structure and acquisition (15 credits).

[You don't need to come to campus before the first day of teaching. All other preparatory information about the course will be published on Canvas.]

Teaching will take place on Thursdays and Fridays from 10.15 am - 1 pm, from Weeks 35-47. The first day of teaching will be 27 August. In the middle of the semester there will be two periods set aside for reading and preparation of the semester essay. These are in Week 41, and Weeks 43 and 44.

The course plan and reading list are found here and here. Once you have registered as a student you will get access to Canvas, our digital learning platform, where you will find more information about the course, including the venue.

Annan informasjon

 

Skal du skrive bacheloroppgåve dette semesteret?

ENG 211 (oppgåveemne)

I dette emnet skal studenten skrive ei bacheloroppgåve over eit tema innan engelsk språk. Temaet må byggje på eit undervist emne studenten har tatt.

ENG 213 (oppgåveemne)

I dette emnet skal studenten skrive ei bacheloroppgåve over eit tema innan engelsk litteratur/kultur/samfunn. Temaet må byggje på eit undervist emne studenten har tatt.

Studieplan

Engelsk fordjupingsstudium, oppstart haust

Studieprogram: 
Engelsk fordjupingsstudium
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Engelsk årsstudium eller tilsvarande (60 stp) eller 45 stp engelsk + 15 stp HUM 101. Studentar som får opptak på grunnlag av 45 stp i engelsk + HUM 101 må ha tatt 30 stp på grunnivå innan den den disiplinen dei ynskjer å ta fordjupingsemne i (ENG 141 og ENG 143 for språkleg fordjupning, ENG 142 og ENG 144 for fordjupingsemne i litteratur/kultur/samfunn), eventuelt tilsvarande frå andre studiestader. 

Om studiet

Engelsk fordjupingsstudium gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne. Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ulike bachelorgrader, t.d. bachelorgrad i språk og litteratur ved HVO, og kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet eller høgskular. Studiet gir også relevant kompetanse for engelsklærarar i skulen, saman med lærarutdanning eller PPU. Opptak til PPU krev at kandidaten har fullført ein mastergrad.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

- eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur.

- viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet.

Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten vere i stand til å:

- tolke språklege/litterære uttrykk på ein kritisk måte og sette dei inn i ein teoretisk samanheng

- gi ein akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk

- skrive sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk

- drøfte teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur

Generell kompetanse

Studenten kan gå i djupna på eit fagfelt og tileigne seg ny kunnskap på ein sjølvstendig måte.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er bygd opp av to fordjupningsemne, kvart på 15 stp. Som del av bachelorgrad består fordjupningsstudiet av eitt undervist emne i språk (ENG200 Sosiolingistikk eller ENG201 Omsetjing: teori og praksis) eller litteratur (ENG203 Litteratur og film eller ENG206 Komedie), kombinert med eitt oppgåveemne (ENG211 Bacheloroppgåve språk eller ENG213 Bacheloroppgåve litteratur). Studentar som ikkje vil bruke oppgåveemnet inn i ein bachelorgrad, kan om dei ynskjer kombinere to underviste emne.

Det blir undervist i eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, språklege emne om hausten og litterære om våren.

Oppgåvemnet bygger på eit undervist emne. Studentar kan ta begge same semester, eller dei kan ta oppgåvemnet etter det underviste emnet. Vår generelle tilråding er at studentar fullfører det underviste emnet før dei tar til på oppgåveemnet.

Underviste emne vert som regel tilbydd annakvart år: for tida ENG 206 og ENG 200 i partalsår, ENG203 og ENG201 i oddetalsår, men emneutvalet kan bli endra. Bacheloroppgåver kan skrivast i alle semester.

Navn: 
Engelsk fordjupingsstudium, oppstart haust
Informasjon

Studieåret 2020/2021 tilbyr vi følgande kurs:

Emne2020 Haust2021 Vår
Vel eitt fordupingsemne saman med eit bacheloroppgåveemne. ENG200, ENG203, ENG206 og ENG207 vert tilbydd annakvart år. Hausten 2020 vert ENG207 tilbydd og våren 2021 vert ENG 203 tilbydd
3030
 
15
 
15
 
1515
 
1515
Praksis

None

Anna
Instruction and assessment: Instruction is provided through lectures, group work and individual supervision.
Ansvarleg
Svenn-Arve Myklebost

Last ned studiet som PDF