Årsstudium

Engelsk, årsstudium, heiltid

Heiltid

Praktisk informasjon

The first thing for you to do as a student is to register and pay the semester fee, so as to gain access to the learning management system Canvas. All information about teaching and other activities will be published on Canvas, so it is important to familiarize oneself with this as soon as possible, and to continue logging on daily. Canvas also comes with an app for Apple and Android, which you can download so as to receive important information on your mobile phone.

Teaching lasts from August (Week 34) until November (Week 46), followed by a period of exams (check the online exam plans).

 

**There will be an information meeting directly after the Semester Opening on Tuesday 20 August at 13:15, room BK 159. It is very important that you attend!**

 

The first day of teaching is Wednesday 21 August at 9.15 in Kaarstad 104. Teaching venues for all days will be published on the college web pages in due course.

All teaching has obligatory attendance.

Required reading/pensum lists for the autumn semester can be found here, and in the course plans you will find further information about learning objectives, coursework requirements and the exam. The texts used in the courses can be bought in the campus bookshop or from net bookshops, e.g. akademika.no. If you would like to get started with some of the reading for ENG 142 Literature and culture, we suggest My Name is Asher Lev by Chaim Potok, and To Kill a Mockingbird by Harper Lee.

A warm welcome to old and new students!

 

Please note that changes may occur. Last updated 31 May 2019.

 

 

Årsstudium i engelsk gir deg ei grunnleggande innføring i engelsk språk, litteratur og kulturkunnskap. Dette er viktig og attraktiv kompetanse for yrke innanfor mellom anna skule, reiseliv og administrasjon.

Stengt for søking

Søknadskode : 223 623

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust Vår

Søknadsfrist 15.04.2019

Studieinnhald

I løpet av studiet skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900-talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Engelsk årstudium gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stader der det blir krevd gode engelskkunnskapar.

Årsstudiet kan inngå som del av Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda eller andre bachelorgrader.

Kontakt

CONTACTS

Marie Nedregotten Sørbø [Literature]: mns@hivolda.no, tlf. 70075047

Jeannique Darby [Language]: jeannique.anne.darby@hivolda.no, tlf. 70075383

Svenn-Arve Myklebost [English section leader]: svenn-arve.myklebost@hivolda.no, tlf. 70075431

 

 

Studieplan

Engelsk årsstudium, heiltid, opptak haust

Studieprogram: 
Engelsk årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
60
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, t.d. bachelorgraden i språk og litteratur ved HVO. Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Frå hausten 2019 krevst det mastergrad som inneheld minst eitt skulefag for å bli tatt opp til PPU.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

- vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk

- kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk

- normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk

- stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruken til ulike situasjonar

Ferdigheiter

Etter fullført studium kan studenten:

- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk

- analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)

- tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land

- bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det vert undervist i to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret. Det er obligatorisk oppmøte til undervisning (onsdag, torsdag og fredag) i alle emne.

Praksis

Det er ikkje praksis i dette studiet.

Internasjonalisering

Utanlandsopphald:

Eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York er ein obligatorisk del av studiet, lagt til emnet ENG 144 (vår). Studentar som får fritak frå dette kravet, kan i staden utføre eit arbeidskrav relatert til innhaldet i studieopphaldet.

Ansvarleg
Svenn Arve Myklebost