Årsstudium

Engelsk, årsstudium, deltid

Deltid

Praktisk informasjon

Det første ein må gjere som student er å betale semesteravgift og registrere seg slik at ein får tilgong til læringsplattforma Canvas. All informasjon om undervisninga og annan aktivitet vil bli publisert på Canvas, så det er viktig å gjere seg kjent med denne tidleg og sidan logge seg på dagleg. Canvas har og ein app for Apple og Android som ein kan laste ned for å få viktige meldingar på telefonen.

Undervisningsperioden varer frå medio august til medio november, med påfylgjande eksamensperiode.

Semesteret blir høgtideleg opna tysdag 14. august kl 12:00.

Første samling for engelsk er informasjonsmøtet tysdag 14. august kl 13:15.

Første undervisningsdag er onsdag 15. august frå kl. 9.15*  Undervisningsromma for alle dagar blir kunngjort på heimesidene, sjå her.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.

Pensumliste for hausten finn de her, og i emneplanen finn de meir informasjon om læringsutbytte, arbeidskrav og eksamensform. Pensumbøker kan kjøpast både i bokhandelen på campus (sommarstengt) og i nettbokhandlar som akademika.no. Dersom ein vil kome igang med lesinga i ferien, er det lurt å lese ein eller fleire av dei fire romanane på førehand, og starte med Chaim Potoks bok.

Vel møtt til gamle og nye studentar!
 

*Atterhald om endringar

Årsstudium i engelsk gir deg ei grunnleggande innføring i engelsk språk, litteratur og kulturkunnskap. Dette er viktig og attraktiv kompetanse for yrke innanfor mellom anna skule, reiseliv og administrasjon.

Stengt for søking

Søknadskode : 223 170 / 4169

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

I løpet av studiet skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900 - talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga på engelskstudiet varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Som deltidsstudent fullfører du 15 studiepoeng kvart semester.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet i Engelsk gir etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkunnskapar. Årsstudiet kan inngå som del av Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda eller i andre bachelorgrader.

Kontakt

Marie Nedregotten Sørbø

Åsa Sundnes Bruheim

Studieplan

Engelsk årsstudium, deltid

Studieprogram: 
Engelsk årsstudium, deltid
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, t.d. bachelorgraden in språk og litteratur ved HVO. Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen: frå studieåret 2019 krev opptak til PPU mastergrad som omfattar minst eitt undervisningsfag.

Læringsutbytte: 

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

- vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk

- kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk

- normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk

- stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruken til ulike situasjonar

Ferdigheiter: 

Etter fullført studium kan studenten:

- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk

- analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)

- tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land

- bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse: 

Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.

Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng.  Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga. Studiet omfattar eit obligatorisk 2-vekes studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York. Studentar som ikkje kan oppfylle dette kravet kan søkje om fritak. Studentar som får fritak vil måtte utføre eit alternativt arbeidskrav med innhald relatert til studieopphaldet i York.

Navn: 
Engelsk årsstudium, deltid (oppstart haust)
Navn: 
Engelsk årsstudium, deltid (oppstart vår)
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
Alf Tomas Tønnessen