Engelsk 4 x 15 stp.

Vidareutdanning (bachelornivå)

Studiet gir deg ei grunnleggande innføring i engelsk språk, litteratur og kulturkunnskap. Innhaldet er likt Engelsk årsstudium, som vert tilbode med ordinær undervisning i Volda.

Studiet gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk og litteratur, kultur og samfunn. Det er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng.

  • Heiltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust vår
    Application period 01.02.2022 - 20.02.2022
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse og minimum karakteren 4 i fellesfag engelsk. Eventuelt engelsk fordjuping på vidaregåande skule, eller engelsk i høgre utdanning på minimum 15 stp. 

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med rettleiing. Endeleg vurdering skjer ved individuell skriftleg eksamen på nett. Det er høve til å delta i det campus-studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå.

Oppstart

ENG143N Phonetics and varieties of English

You can find the complete reading list for this course here. You are expected to acquire all three books on that list.

If you would like to get ahead with your reading, you should begin with chapter 1 of English Pronunciation and Intonation.

Lessons will be posted on Wednesdays and Fridays at 10am throughout the semester. The first lesson will be posted on Wednesday 5 January at 10am.

You should register for and read all the information provided on Canvas before teaching begins.

 

ENG144N Literature, culture and society before 1900

You can find the complete reading list for this course here. You are expected to acquire all three books on that list.

If you would like to get ahead with your reading, you should begin with William Shakespeare's play Macbeth. After that, you should read Aphra Behn's short novel Oroonoko.

Lessons will be posted on Mondays at 10am throughout the semester. A general introduction to the course will be posted on Monday 3 January, while the first actual lesson will be posted a week later on Monday 10 January.

You should register for and read all the information provided on Canvas before teaching begins.

Studieplan

Engelsk årsstudium, nettbasert, heiltid, oppstart vår

Studieprogram: 
Engelsk årsstudium, nettbasert
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
130
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse med minimum 4 i fellesfag engelsk.

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk nettstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på 200-nivå (fordjuping). Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Frå hausten 2019 krevst det mastergrad som inneheld minst eitt skulefag for å bli tatt opp til PPU.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

  • vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk
  • kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk
  • normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk
Ferdigheiter

Etter fullført studium kan studenten:

  • identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk
  • analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)
  • tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land
Generell kompetanse

Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det vert undervist i to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret.Studiet kan takast på heiltid eller deltid, med oppstart haust eller vår - sjå eigne planar for deltidsstudiet.

Studiet tilsvarar i faginnhald engelsk årsstudium, som vert tilbode med ordinær undervisning i Volda.

Ein bør merkje seg at studenten kan styre si eiga arbeidstid. Nettstudiet gjev relativt stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om god planlegging av eiga tid.

 

Praksis

Det er ikkje praksis i dette studiet.

Internasjonalisering

Det er høve til å delta i det ordinære studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York; dette med atterhald om ledige plassar i York i det aktuelle tidsromet. Ta kontakt med emneansvarleg for ENG142N så snart som mogleg om dette er av interesse.

Anna
Programmet er nettbasert. Undervisning skjer i hovudsak gjennom nettleksjonar som vil vere tilgjengelege frå dei er lasta opp. Studentane vil for det meste kunne organisere studiet tilpassa eigen timeplan: dette tyder også at studentane er forventa å forvalte tida si effektivt.
Ansvarleg
Timothy Saunders
  • Heiltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust vår
    Application period 01.02.2022 - 20.02.2022
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse og minimum karakteren 4 i fellesfag engelsk. Eventuelt engelsk fordjuping på vidaregåande skule, eller engelsk i høgre utdanning på minimum 15 stp. 

  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 3918

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt