Vidareutdanning (bachelornivå)

Engelsk 2 (5-10), vidareutdanning for lærarar

Deltid

Vidareutdanninga gir ferdig utdanna lærarar ei fordjuping i engelsk som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget.

Stengt for søking

Søknadskode : 4155

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det skal dessutan gi kunnskap om kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, i tillegg til skjønnlitteratur, dramatikk og poesi. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning) inkludert/og 30 stp i engelsk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga går føre seg ved Høgskulen i Volda kvar veke gjennom delar av studieåret. Det betyr at studiet passar for deg som bur i regionen, og som ønskjer å delta på ei skuleretta vidareutdanning i engelsk med tradisjonell undervisning. Sidan du inngår i eit forpliktande læringsfellesskap, er det obligatorisk oppmøte.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for å undervise i engelsk på  5.–10. årssteg i grunnskulen.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Kjetil Myskja

Studieplan

Engelsk 2 for 5.-10. årssteg (vidareutdanning for lærarar)

Studieprogram: 
Engelsk 2 for 5.-10. årssteg (videreutdanning for lærarar)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar,- eller praktisk pedagogisk utdanning)

Fullført emne GL5-10ENG1 Engelsk 1

Om studiet: 

Engelsk for lærarar 5-10 (vidareutdanning) gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium.

Kunnskapar: 

Studenten 

  • har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
  • har kunnskap sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
  • har noko kunnskap om variantar av engelsk og engelsk som internasjonalt kommunikasjonsspråk
  • har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit andrespråksperspektiv, og om korleis ein kan fremje denne
  • har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
  • har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
  • kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
  • kjenner nokre trekk ved kultur, samfunnsliv og historie i engelsktalande land.
Ferdigheiter: 

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar.
  • formidle relevant fagstoff på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • kritisk analysere litterære tekstar og kulturelle dokument.
  • bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar.
Generell kompetanse: 

Studenten kan

  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Organisering og arbeidsmåtar: 

 Engelsk 2 for 5.-10. årssteg (vidareutdanning for lærarar) går over eitt år og byggjer på emne GL5-10ENG1 Engelsk 1

Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksamen:

Undervisninga i studiet er obligatorisk.

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet. 

Navn: 
Engelsk 2 for 5.-10. årssteg (vidareutdanning for lærarar)
Emne2017 Haust2018 Vår
1515
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
Kim Daniel Vattøy