Vidareutdanning (bachelornivå)

Engelsk 2 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Vidareutdanninga er eit tilbod til lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning  ”Kompetanse for kvalitet”. Studiet gir lærarar ei fordjuping i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4156

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2018

Studieinnhald

Studentane skal fordjupe seg i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, samt skjønnlitteratur, dramatikk og poesi. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning) inkludert/og 30 stp i engelsk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er nettbasert med to 2-dagars samlingar i Volda kvart semester. I vårsemesteret får studentane tilbod om ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York. Samlinga er ikkje obligatorisk, men det vert forventa at ein så langt det er råd prioriterer å delta, alternativ er eit ekstra arbeidskrav. Høgskulen i Volda dekker overnatting og kursavgift. Vikar, reise- og kostutgifter må studenten dekke sjølv eller gjere eigen avtale med arbeidsgjevar på førehand. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Canvas og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.

For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for å undervise i engelsk på  5.–10. årssteg i grunnskulen.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

Kontaktperson:
Ole Frank Bakken

For faglege spørsmål:
Åsa S. Bruheim
Kjetil A. Myskja

Kompetanse for kvalitet

På Utdanningsdirektoratet sine nettsider kan du lese meir om satsinga, og om vikar- og stipendordninga.

 

 

Praktisk informasjon

Tidspunkt for samlingar*

  • 10. - 12. september
  • 12. - 13. november
  • 11. - 12. februar
  • 29. - 30. april

*med atterhald om endringar

Studieplan

Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning) og 30 studiepoeng i Engelsk. Studiet er i utgangspunktet reservert for lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning  ”Kompetanse for kvalitet”:

Kompetanse for kvalitet er ei nasjonal ordning som gjer det mogleg for skuleeigarar å la lærarar delta på vidareutdanning med høg kvalitet, samtidig som lærarane blir fristilte frå delar av sine ordinære arbeidsoppgåver. Kompetanse for kvalitet blir organisert gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsfrist til Udir. 1. mars.

Eventuelle ledige studieplassar etter avslutta opptak gjennom Udir kan bli lagt ut for direkte søking til høgskulen.

Om studiet: 

Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar gir ferdig utdanna lærarar ei fordjuping i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå den engelskspråklege verda, samt skjønnlitteratur, dramatikk og poesi. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Læringsutbytte: 

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Studenten

  •  har vidare kunnskap om korleis barn og unge lærer andrespråk/framandspråk og korleis ein kan fremje slik læring.
  •  har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
  •  har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
  •  har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene innan engelskfaget
  •  kjenner hovudtrekk ved kultur og samfunn i engelsktalande land
  •  kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
Ferdigheiter: 

Studenten kan

  •  bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
  •  analysere og diskutere engelskspråklig litteratur, kultur og samfunn i eit globalt perspektiv på ein kritisk måte
  •  bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
  •  bruke IKT for å fremje språklæring
Generell kompetanse: 

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa

  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevane si utvikling i engelskfaget

Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er nettbasert med fire samlingar i Volda fordelt over to semester: Den første samlinga er på tre dagar, dei andre på to dagar. Dei fire samlingane har obligatorisk oppmøte. I tillegg vil ei frivilleg vekessamling ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, i York vere tilgjengeleg i vårsemesteret: denne er tilrådd for studentar som ikkje har gjennomført slikt studieopphald tidlegare. HVO dekkjer overnatting og kursavgift på denne samlinga. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Canvas og Adobe Connect.

For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.

Navn: 
Engelsk 2 for 5.-10. årssteg, kompetanse for kvalitet
Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til høveleg elevgruppe for å prøve ut undervisningsopplegg.

Praksis: 

Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
Kjetil Myskja, km@hivolda.no, tlf. 7007 5078