Engelsk 1 for 5.–10. årssteg

Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Vidareutdanninga er retta mot lærarar i grunnskulen, og kvalifiserer for undervisning i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur.

Studiet omfattar grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det vert fokusert på moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, i tillegg til populærkultur som film og musikk.

Studiet har 2 samlingar i Volda kvart semester, og ei vekesamling ved det Norske studiesenteret i York. I haustsemesteret i år vil studentane få nettundervisning frå studiesenteret. 

Les meir i studieplanen.

Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. 

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 01.03.2021
  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning 

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er planlagt som ein kombinasjon av forelesingar og seminardiskusjonar på nett og innlevering av arbeidskrav.

Studiet har 2 samlingar i Volda kvart semester. I haustsemesteret får studentane nettundervisning frå det Norske studiesenteret i York. Læringsportalen Canvas og Adobe Connect vert nytta.

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Endeleg vurdering i emna skjer på grunnlag av mappeinnlevering / arbeidskrav, individuell heimeeksamen og munnleg eksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i engelsk på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingsdatoar (med atterhald om endringar):
Måndag 6. og tysdag 7. september i Volda 2021 
Måndag 8. og tysdag 9. november i Volda 2021
Studietur til York 3.-10. desember 2021
Måndag 7. og tysdag 8. februar 2022
Måndag 25. og tysdag 26. april 2022
 

Studieplan

Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Engelsk 1 for 5. -10. årstrinn. Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.

Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Det er ei nasjonal satsing som gjer det mogleg for skuleeigarar å la lærarar delta på vidareutdanning med høg kvalitet, samtidig som lærarane blir fristilte frå delar av sine ordinære arbeidsoppgåver. Kompetanse for kvalitet blir organisert gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsfrist til Utdanningsdirektoratet er 1.mars.

Om studiet

Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet, gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå den engelskspråklege verda, samt populærkultur som film, musikk og liknande. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning?)

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
  • har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
  • har kunnskap om korleis barn og unge lærer andrespråk/framandspråk og korleis ein kan fremje slik læring
  • har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
  • har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene innan engelskfaget
  • kjenner hovudtrekk ved kultur og samfunn i engelsktalande land
  • kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar og på ulike stilnivå
  • analysere og diskutere engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn i eit globalt perspektiv på ein kritisk måte
  • bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, didaktikk og profesjonsfagleg digital kompetanse til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar 
Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevane si utvikling i engelskfaget
  • forhalde seg til kjelder etisk og kritisk
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen. Emne 1A er lagt til haustsemesteret, og emne 1B er lagt til vårsemesteret.Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Studiet er nett- og samlingsbasert, undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda kvart semester + ei vekessamling i York. Samlingane har obligatorisk oppmøte, studentar som ikkje kan delta på samlinga i York, kan kompensere for dette med ei ekstra innlevering. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Canvas, på Zoom, og eventuelt i Adobe Connect.

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Nokre av arbeidskrava kan fordre at deltakaren arbeider i grunnskulen, eller at ein eventuelt etablerer eit samarbeid med ein skule der ein kan prøve ut undervisningsopplegg på ulike klassetrinn. Eit arbeidskrav vil også kreve at ein dokumenterer kunnskapsdeling med kollegaer.

Navn: 
Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med stabilt internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon, eventuelt frittståande mikrofon med USB-plugg.

Praksis

Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.

Internasjonalisering

Ei vekessamling ved Det norske studiesenteret i York inngår i studiet (sjå merknad over). HVO dekkjer overnatting og kursavgift på denne samlinga, men ikkje reiseutgifter.

Ansvarleg
Siri Vevle
  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 01.03.2021
  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning 

  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 4147

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt