Vidareutdanning (bachelornivå)

Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Praktisk informasjon

Oppmøte:
Det er viktig å betale semesteravgift, registrere seg og få tilgong til læringsplatforma Canvas så tidleg som mogeleg. Nettleksjonar og all informasjon om samlingane vil verte publisert på Canvas, så det er viktig å logge seg på fleire gongar per veke. Canvas har òg ein app for Apple og Android som kan lastast ned slik at ein får viktige meldingar på mobiltelefon. Første nettleksjon til streaming vil verte publisert i august, før første samling i Volda. Det vil òg verte gitt ei kort innleveringsoppgåve før første samling.

Samlingsdatoar:

(Sett av klokka 9-16.00) 

10.-12. september (NB! Første samling er på tre dagar, dei resterande samlingane er på to dagar.)


12.-13. november


21. -22. januar 


1.-8. februar: Ekskursjon til York. Høgskulen i Volda dekker studieavgift/overnatting + evt. utflukter. Ekskursjonen er ikkje obligatorisk, men studentar som ikkje kan reise må levere eit kompensatorisk arbeide.


29.-30. april

Undervisningsstad

Det vert to samlingar, kvar på to dagar (den første tre dagar), i Volda per semester. I tillegg vert det tilbod om ei veke på Det norske studiesenteret i York i vårsemesteret. Dei som vert med til York må hugse å ta denne veka med i berekninga når ein planlegg undervisningstimetalet ein skal ha på eigen skule gjennom skuleåret. Det er 50 % obligatorisk oppmøte til samlingane i Volda, men vi oppmodar alle på det sterkaste om å møte på samlingane for å ta del i m.a. trening på munnlege ferdigheiter.

Ved behov for overnatting kan ein m.a. ta kontakt med Volda Turisthotell, Volda Hostel & B & B, Ørsta Camping, Hotell Ivar Aasen (Ørsta), eller private utleigarar (sjekk t.d. AirB&B).

Annan informasjon

 

Det er nødvendig å ha tilgjenge til datautstyr med webkamera, høgtalarar og mikrofon med usb-plug. Seminar i sanntid via Adobe Connect kan vere eit viktig supplement til samlingane, og for at desse skal fungere godt må kvar deltakar ha ein mikrofon av god kvalitet og stabilt internett. Det er ikkje obligatorisk å ta del i desse seminara, men vi oppmodar alle om å ta del.

Pensumliste for haustsemesteret finn de her, og i emneplanen finn de meir informasjon om læringsutbytte, arbeidskrav og eksamensform. Pensumbøker kan kjøpast i bokhandelen på campus (NB! sommarstengt), og på ulike nettbokhandlar, som t.d. akademika.no. Dersom ein vil kome i gang med lesinga i ferien er følgjande tema nokre av dei første på semesterplanen i haust:

Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Utdanninga gir lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget.

Stengt for søking

Søknadskode : 4147

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 15.06.2018

Studieinnhald

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det tek for seg moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, i tillegg til populærkultur som film, musikk og liknande. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert, undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda kvart semester. I vårsemesteret får studentane tilbod om ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York. Samlinga er ikkje obligatorisk, men det vert forventa at ein så langt det er råd prioriterer å delta, alternativ er eit ekstra arbeidskrav. Høgskulen i Volda dekker overnatting og kursavgift. Vikar, reise- og kostutgifter må studenten dekke sjølv eller gjere eigen avtale med arbeidsgjevar på førehandNettundervising vert gitt i læringsportalen Canvas og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i engelsk på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen.

Kontakt

Kjetil Myskja (tlf. 7007 5078, epost km@hivolda.no)

 

Studieplan

Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Engelsk 1 for 5. -10. årstrinn. Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning).

Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Det er ei nasjonal satsing som gjer det mogleg for skuleeigarar å la lærarar delta på vidareutdanning med høg kvalitet, samtidig som lærarane blir fristilte frå delar av sine ordinære arbeidsoppgåver. Kompetanse for kvalitet blir organisert gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsfrist til Utdanningsdirektoratet er 1.mars.

Om studiet: 

Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet, gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå den engelskspråklege verda, samt populærkultur som film, musikk og liknande. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
  • har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
  • har kunnskap om korleis barn og unge lærer andrespråk/framandspråk og korleis ein kan fremje slik læring
  • har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
  • har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene innan engelskfaget
  • kjenner hovudtrekk ved kultur og samfunn i engelsktalande land
  • kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
Ferdigheiter: 

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
  • analysere og diskutere engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn i eit globalt perspektiv på ein kritisk måte
  • bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar 
Generell kompetanse: 

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevane si utvikling i engelskfaget
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen. Emne 1A er lagt til haustsemesteret, og emne 1B er lagt til vårsemesteret.Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Studiet er nett- og samlingsbasert, undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda kvart semester + ei vekessamling i York. Samlingane har obligatorisk oppmøte, studentar som er ute av stand til å delta på samlinga i York, kan få denne erstatta med obligatoriske arbeidsoppgåver. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Canvas og i Adobe Connect.

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte.Nokre av arbeidskrava fordrar at deltakaren arbeider i grunnskulen, eller at ein eventuelt etablerer eit samarbeid med ein skule der ein kan prøve ut undervisningsopplegg på ulike klassetrinn.

Navn: 
Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med stabilt internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon, eventuelt frittståande mikrofon med USB-plugg.

Praksis: 

Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.

Internasjonalisering: 

Ei vekessamling ved Det norske studiesenteret i York inngår i studiet (sjå merknad over). HVO dekkjer overnatting og kursavgift på denne samlinga, men ikkje reiseutgifter.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studiet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Åsa Sundnes Bruheim, tlf. 70 07 51 93, aasab@hivolda.no