Kompetanse for kvalitet

Engelsk 1 for 1.–7. årssteg

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Vidareutdanninga er retta mot lærarar i grunnskulen, og kvalifiserer for undervisning i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur. Studiet er ein del av "Kompetanse for kvalitet", Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning av lærarar.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4145

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2020

Studieinnhald

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står òg sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert gjennom læringsportalen Canvas og Adobe Connect. Det er fire samlingar i Volda på studiet, to i kvart semester. Den første samlinga er på tre dagar, dei andre er på to dagar. I tillegg kjem ei vekesamling i York i haustsemesteret. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Det er oppmøteplikt til undervisninga. For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.

I haustsemesteret får studentane ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York. Studentar som ikkje har høve til å delta på samlinga i York, vil kunne erstatte denne med eit kompensatorisk arbeid. Høgskulen i Volda dekker overnatting og kursavgift. Vikar, reise- og kostutgifter må studenten dekke sjølv eller gjere eigen avtale med arbeidsgjevar på førehand.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i engelsk på 1.–7. årssteg i barneskulen.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post: sok@hivolda.no

Kontaktperson:
Ole Frank Bakken

For faglege spørsmål:
Åsa S. Bruheim

Studieplan

Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Engelsk 1 for 1. -7. årstrinn. Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.

Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Det er ei nasjonal satsing som gjer det mogleg for skuleeigarar å la lærarar delta på vidareutdanning med høg kvalitet, samtidig som lærarane blir fristilte frå delar av sine ordinære arbeidsoppgåver. Kompetanse for kvalitet blir organisert gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsfrist til Utdanningsdirektoratet er 1.mars.

Om studiet

Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet, gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget i barneskulen. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står òg sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kulturar i engelskspråklege land.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
  • har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
  • har kunnskap om korleis barn lærer andrespråk/framandspråk og om korleis ein kan fremje slik læring
  • har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
  • har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
  • kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
  • kjenner nokre trekk ved kulturar og samfunn i engelsktalande land
Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg, og tilpassa språket til målgruppa i ulike situasjonar 
  • bruke normer for akademisk tekstproduksjon
  • lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar for born og unge
  • bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa 
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • bruke kjelder etisk og kritisk
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen. Emne 1A er lagt til haustsemesteret, og emne 1B er lagt til vårsemesteret. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Emnet er nettbasert med fire samlingar i Volda fordelt over to semester: Den første samlinga er på tre dagar, dei andre er på to dagar. I tillegg kjem ei vekessamling ved det Norske studiesenteret i York.  Alle undervisningssamlingar er obligatoriske, men studentar som ikkje er i stand til å delta på samlinga i York kan få denne erstatta med eit kompensatorisk arbeid basert på emne undervist i York. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect.  For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere godkjende. Nokre av arbeidskrava fordrar at studenten anten jobbar i grunnskulen eller har tilgang til skuleklasser i relevant aldersgruppe for å prøve ut undervisningsopplegg. Eit arbeidskrav vil også kreve at ein dokumenterer kunnskapsdeling med kollegaer.

Navn: 
Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon, eventuelt frittståande bordmikrofon med USB-plugg.

Praksis

Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.

Internasjonalisering

Det er ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York (sjå merknad over).  HVO dekkjer overnatting og kursavgift, men reise- og kostutgifter må dekkast på annan måte.

Ansvarleg
Åsa Sundnes Bruheim, tlf. 70 07 51 93, aasab@hivolda.no

Last ned studiet som PDF