Vidareutdanning (bachelornivå)

Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon KFK1-7

Oppmøte:
Det er viktig å betale semesteravgift, registrere seg og få tilgong til læringsplatforma Canvas så tidleg som mogeleg. Nettleksjonar og all informasjon om samlingane vil verte publisert på Canvas, så det er viktig å logge seg på fleire gongar per veke. Canvas har òg ein app for Apple og Android som kan lastast ned slik at ein får viktige meldingar på mobiltelefon. Første nettleksjon til streaming vil verte publisert i august, før første samling i Volda. Det vil òg verte gitt ei kort innleveringsoppgåve før første samling.

Samlingsdatoar:

(Klokka 9-16.00, med unntak av 7.09, som vert ein kortare dag:) 

5.-7. september (Nb! Første samling er på tre dagar, dei resterande samlingane er på to dagar.)


7.-8. november


16. -17. januar 


1.-8. februar: Ekskursjon til York. Høgskulen i Volda dekker studieavgift, overnatting + evt. utflukter. Ekskursjonen er ikkje obligatorisk, men studentar som ikkje kan reise må levere eit kompensatorisk arbeide.


25.-26. april (Nb! torsdag og fredag)


Det vert også tilbod om å delta på seminar i sanntid på nettet minimum tre gongar per semester. Første nettseminar vil finne stad etter første samling i Volda.

 

Undervisningsstad:

Det vert to samlingar, kvar på to dagar (med unntak av den første), i Volda per semester. I tillegg vert det tilbod om ei veke på Det norske studiesenteret i York i vårsemesteret. Dei som vert med til York må hugse å ta denne veka med i berekninga når ein planlegg undervisningstimetalet ein skal ha på eigen skule gjennom skuleåret. Det er 50 % obligatorisk oppmøte til samlingane i Volda, men vi oppmodar alle på det sterkaste om å møte på samlingane for å ta del i m.a. trening på munnlege ferdigheiter.
Ved behov for overnatting kan ein m.a. ta kontakt med Volda Turisthotell, Volda Hostel & B & B, Ørsta Camping, Hotell Ivar Aasen (Ørsta), eller private utleigarar.

Annan informasjon:

Det er nødvendig å ha tilgong til datautstyr med webkamera, høgtalarar og mikrofon med usb-plug. Seminar i sanntid via Adobe Connect er eit viktig supplement til samlingane, og for at desse skal fungere godt må kvar deltakar ha ein mikrofon av god kvalitet og stabilt internett. Det er ikkje obligatorisk å ta del i desse seminara, men vi oppmodar alle om å ta del i så mange seminar som mogeleg.

Pensumliste for haustsemesteret finn de her, og i emneplanen finn de meir informasjon om læringsutbytte, arbeidskrav og eksamensform. Pensumbøker kan kjøpast både i bokhandelen på campus (NB! sommarstengt), og på ulike nettbokhandlar, som t.d. akademika.no. Dersom ein vil kome i gang med lesinga i ferien er følgjande tema nokre av dei første på semesterplanen i haust:

Introducing English Grammar: chapter 1

Twinkle Twinkle: s. 7-50

English Teaching Strategies: s. 15-22 og 41-69

Engelsk på mellomtrinnet: s. 19-22 og 44-55 

Voices in the Park & Chicken in the Kitchen

Poetry Hurrah!

The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian

Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Vidareutdanninga gir innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget i barneskulen.

Stengt for søking

Søknadskode : 4145

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 15.06.2018

Studieinnhald

Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står òg sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert gjennom læringsportalen Canvas og Adobe Connect. Det er to samlingar (kvar på to dagar) i Volda i semesteret og ei vekesamling i York i vårsemesteret. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Det er oppmøteplikt til undervisninga. For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.

I vårsemesteret får studentane tilbod om ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York. Samlinga er ikkje obligatorisk, men det vert forventa at ein så langt det er råd prioriterer å delta, alternativ er eit ekstra arbeidskrav. Høgskulen i Volda dekker overnatting og kursavgift. Vikar, reise- og kostutgifter må studenten dekke sjølv eller gjere eigen avtale med arbeidsgjevar på førehand.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i engelsk på 1.–7. årssteg i barneskulen.

Studieplan

Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Engelsk 1 for 1. -7. årstrinn. Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning).

Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Det er ei nasjonal satsing som gjer det mogleg for skuleeigarar å la lærarar delta på vidareutdanning med høg kvalitet, samtidig som lærarane blir fristilte frå delar av sine ordinære arbeidsoppgåver. Kompetanse for kvalitet blir organisert gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsfrist til Utdanningsdirektoratet er 1.mars.

Om studiet: 

Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet, gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget i barneskulen. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står òg sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
  • har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
  • har kunnskap om korleis barn lærer andrespråk/framandspråk og om korleis ein kan fremje slik læring
  • har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
  • har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
  • kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
  • kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land
Ferdigheiter: 

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg, og tilpassa språket til målgruppa i ulike situasjonar 
  • lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar for born og unge
  • bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
Generell kompetanse: 

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa 
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen.Emne 1A er lagt til haustsemesteret, og emne 1B er lagt til vårsemesteret.Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Emnet er nettbasert med fire samlingar i Volda fordelt over to semester: Den første samlinga er på tre dagar, dei andre er på to dagar. I tillegg kjem ei vekessamling ved det Norske studiesenteret i York i vårsemesteret. Alle undervisningssamlingar er obligatoriske, men studentar som ikkje er i stand til å delta på samlinga i York kan få denne erstatta med ekstra arbeidsoppgåver basert på emne undervist i York. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect.  For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere godkjende. Nokre av arbeidskrava fordrar at studenten anten jobbar i grunnskulen eller har tilgang til skuleklasser i relevant aldersgruppe for å prøve ut undervisningsopplegg. 

Navn: 
Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Emne2018 Haust2019 Vår
15
15
Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon, eventuelt frittståande bordmikrofon med USB-plugg.

Praksis: 

Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.

Internasjonalisering: 

I vårsemesteret er det ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York (sjå merknad over).  HVO dekkjer overnatting og kursavgift, men reise- og kostutgifter må dekkast på annan måte.

Ansvarleg: 
Åsa Sundnes Bruheim, tlf. 70 07 51 93, aasab@hivolda.no