Vidareutdanning (bachelornivå)

Elevaktive metoder og mediekultur i det digitale klasserommet

Dette nettbaserte studiet gir deg kjennskap til elevane sin mediebruk og mediekultur. Du lærer å produsere samansette tekstar med til dømes skrift, bilete, lyd og video og dessutan korleis du kan legge til rette for elevane sin bruk og produksjon av slike tekstar.

Start:
Vår
Omfang:
Deltid Nettstudium
Studiepoeng:
15,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.11.2024

Studiet har ei studieavgift på kr 5 000, i tillegg til semesteravgift.

Studieinnhald

Studiet gir deg kompetanse gjennom praktiske øvingar. Du får tilbakemeldingar og drøftar faglege og didaktiske utfordringar du møter som lærar i LK20. 

Les meir om emnet her.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

All undervisning og rettleiing er nettbasert. E-læringssystemet Canvas vert nytta. Undervisninga er organisert som ein kombinasjon av nettleksjonar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. 

Emnet har to mappeoppgåver som skal vurderast og godkjennast før innlevering til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil vere på ca. 2500 ord. Mappeeksamen skal leverast elektronisk. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Pensum

Pensumlister finner du her