Vidareutdanning (bachelornivå)

Digitale verktøy i matematikkundervisninga

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Studiet skal gi deg kompetanse til å kunne bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga. Du skal mellom anna få kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når du kan ta i bruk ulike digitale verktøy i undervisninga, og kva den digitale utviklinga har å seie for matematikkfaget. Eit viktig tema vil vere kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida.

Studiet har ei avgift på kr. 4000,-

Søk studieplass!

Søknadskode : 4606

Innblikk

Digitale verktøy i matematikkundervisning

Digitale verktøy i matematikkundervisinga: Ny nettbasert vidareutdanning for lærarar

Høgskulen i Volda tilbyr no ei heilt ny vidareutdanning på 15 studiepoeng for matematikklærarar som i større grad ønsker å ta i bruk digitale verktøy i undervisninga.

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet er delt inn i 3 hovuddelar:

  • GeoGebra – med fokus på korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå.
  • Rekneark – med fokus på korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå.
  • Programmering i matematikk og andre digitale ressursar i matematikk. Denne delen vil ha eit hovudfokus mot programmering i matematikkfaget, men vil også ta for seg ein del om ulike appar i matematikk og eventuelt andre digitale ressursar i matematikk.

Studie- og emneplanar vil bli lagt ut om kort tid.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng i matematikk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet byrjar med nettleksjonar, den fyrste vert lagt ut i veke 39. Deretter vil det kome ein ny nettleksjon om lag kvar andre veke. Studiet har ei obligatorisk samling i Volda, denne er lagt til 21.-22. oktober. (Dag 1: 12.00-18.00, dag 2: 09.00-15.00). Vidare fortset emnet med nettleksjonar. Nettleksjonane vil kunne bestå av videoforelesing, arbeidsoppgåver, diskusjonar i forum, lesing av pensum med meir. Kvar nettleksjon vert avslutta med ei lita innleveringsoppgåve knytt til dei temaa vi arbeidar med. Dette kan mellom anna vere ein liten videosnutt der ein løyser ei oppgåve med digitale hjelpemiddel, eit skjermbilete med forklaring eller ein kort refleksjon.

Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i matematikkfaget i skulen. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer.

Studiet startar i månadsskiftet september/oktober, og har eksamensinnlevering i løpet av april.

Eksamen:
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med tre refleksjonsoppgåver (levert inn og fått rettleiing undervegs i studiet) saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksta på om lag 1000 ord skal studenten presentere refleksjonsoppgåvene og arbeidet med dei.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er svært aktuelt for lærarar innanfor matematikkfaget, og er retta mot praktisk bruk og utvikling av ulike digitale verktøy i undervisninga. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål: Odd Helge Mjellem Tonheim

Studieplan

Digitale verktøy i matematikkundervisninga - vidareutdanning for lærarar

Studieprogram: 
Digitale verktøy i matematikkundervisninga
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng matematikk.

Om studiet

Gjennom studiet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke digitale verktøy i undervisninga. Refleksjonen vil mellom anna vere basert på vurderingar av kva fordelar og ulemper ulike digitale verktøy har.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om pedagogisk bruk av IKT i matematikkundervisninga som fremjar læring
  • har undervisningskunnskap bruk av GeoGebra og rekneark  i matematikkopplæringa i grunnskulen
  • Kan vurdere korleis ulike digitale verktøy påverkar elevane si læring i matematikkfaget.
  • har kjennskap til nokre digitale nettressursar for aktuelt skuleslag som kan fremme læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
Ferdigheiter

Studenten

  • har spesialkunnskap i bruk av eit utvalt digitalt verktøy i matematikkundervisninga, og vere ressursperson for kollegaer i dette verktøyet
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av digitale ressursar i undervisninga
  • kan bruke digitale verktøy som reiskap for å tilrettelegge undervisinga
  • kan ta i bruk digitale verktøy ved vurdering av elevane sitt læringsutbytte
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklærarar sin praksis i bruk av  digitale verktøy i undervisinga
  • utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over  bruken av digitale verktøy i matematikk
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettleksjonane vert gitt i høgskulen si gjeldande læringsplattform (per i dag Canvas) og studiet vil også innhalde noko live nettundervising. Emnet i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Navn: 
Digitale verktøy i matematikkundervisninga - vidareutdanning for lærarar
Emne2018 Haust2019 Vår
7.57.5
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Praksis

Studiet inneheld ikkje eigen praksis.

Kostnader

Studiet har ei studieavgift på kr 4.000,- 

Ansvarleg
Odd Helge Mjellem Tonheim, oddht@hivolda.no, tlf. 70 07 53 68