Vidareutdanning (bachelornivå)
Digitale ferdigheiter i musikk i grunnskulen
Vidareutdanninga er retta mot deg som ønskjer å auke kompetansen på digitale verktøy og musikkteknologi i høve musikkundervisning i grunnskulen. Studiet er nettbasert og undervisninga i all hovudsak asynkron. Kvar student kan tilpasse studietida etter eigne behov.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 7,5
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.11.2026
Studiet har løpande opptak.
Du skal mellom anna få kompetanse til å nytte ulike former for programvare og maskinvare på varierte måtar i undervisninga, og skape og utøve musikk med eit utval teknologi på ein sjølvstendig måte. Vidare får du innføring i å gjere enkle lydopptak, og redigere og behandle opptak for bruk i ulike samanhengar i musikkfaget. Kritisk vurdering av undervisning med digitale verktøy og musikkteknologi er også ein viktig del av studiet.
Meir informasjon om studiet
Studiet er relevant for lærarar som underviser i musikk i grunnskulen.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og arbeidskrav, og i form av læringsløyper og kurs i Canvas. Det vert lagt vekt på problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i gruppe. Arbeidsoppgåvene vil vere praksisnære og knytt til læring og undervisning. Øvingar og arbeidskrav vil dekkje både praktisk arbeid med ulike program- og maskinvare og didaktisk refleksjon.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).