Vidareutdanning (bachelornivå)

Digital skulehage og uteskule

Ein skulehage eller naturen i nærområdet er ein fantastisk læringsarena. Dette emnet er eit tilbod til lærarar der dei kan få undre seg, leike og utforske med lyd og bilete, skape med elektriske kretsar, måle og eksperimentere med sensorar og mikrokontrollarar eller bygge robotar og enkle maskinar saman med elevane sine.

Digital kompetanse - Digital skulehage og uteskule
Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium
Studiepoeng:
5,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Å jobbe digitalt ute gir også en inngang til å jobbe med bærekraft på en framtidsretta måte, og adressere aktuelle tema som teknologi i landbruket, fornybar energi og naturmangfold.

Målgruppa er lærarar i grunnskulen og andre som har ønske om å utvikle sundervisninga si og få ny inspirasjon. Emnet er relevant for lærarar i ei rekke fag, men er spesielt relevant for naturfag, kunst og handverk og matematikk på barnetrinnet. Emnet vil gi kompetanse i å jobbe tverrfagleg og bruke eit breitt utval digitale verktøy for å få kreativ, elevaktiv og framtidsretta undervisning.

Studiet har ei avgift på kr. 2000, i tillegg til semesteravgift.

Les meir om emnet her.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet har tett fagleg oppfølging, og vi oppfordrar til samarbeid og deling. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrava i emnet.

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver.