Vidareutdanning (bachelornivå)

Digital kompetanse i læring (DKL), opne emne

Deltid, Heiltid, Nettstudium

Dette er eit fleksibelt og nettbasert studium og du kan velje studieprogresjon utifrå eigne ønsker og behov:

Opne emne våren 2018:

Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis. 

Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. 

Søk studieplass!

Søknadskode : 4117

Innblikk

Koding i skulen

Korleis lære barn i skulen å kode?

Det kan lærarar i grunnskulen få kunnskap om gjennom eit nytt nettbasert emne ved Høgskulen i Volda – Koding i skulen – som startar opp i månadsskiftet januar/februar 2018.

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

DKL består av fem frittståande emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verktøy kan implementerast i læring. Ein kan velje å ta eitt eller fleire av emna etter behov. Du kan maks velje fire emne per studieår.

Digital kompetanse for læring (DKL) for Volda eller Ulstein kommune, våren 2018

  • DKL for skuleleiarar m/avgift: kr 6 300,-
  • DKL, studiestad Ulstein: kr 2300,-
  • DKL, studiestad Volda m/avgift: kr 2 300,- per emne

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert og nyttar nettbaserte samarbeidsplattformar i undervisninga. Det er ein føresetnad at du har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. I tillegg må du disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera og eit digitalt fotografiapparat (eller mobilkamera). Du bør også ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen.

Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med. Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet gir framtidsretta kompetanse som er etterspurt i skuleverket eller i andre formidlingssamanhengar.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Torbjørn Frantsen

Studieplan

Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15

Studieprogram: 
Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15, deltid
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Heiltid
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Dette studiet søker du om du vil ta eitt eller fleire emne innanfor studiet Digital kompetanse i læring. Studiet er fleksibelt og nettbasert, og som student vil du kunne velje studieprogresjon ut frå eigne ønsker og behov. Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis.

Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiet er nettbasert, og har studieavgift. Det krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. Du bør dessutan ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera og eit digitalt fotografiapparat (eller mobilkamera).

Studiet gjer det mogleg for studentar å velje emne etter interesse og behov. DKL består av fem frittståande emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verktøy kan implementerast i læring. Ein kan velje å ta eitt, eller fleire emne etter behov. Du kan setje saman emna som passar best for deg. Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:

  • har kunnskap om skulerelevante verktøy for arbeid med tekst, tal, lyd og bilde
  • har kunnskap om korleis digitale media kan verke inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
  • har kunnskap om barn og unge sin digitale kvardag og didaktiske mogligheiter og utfordringar i grenselandet mellom skulekultur og fritidskultur
  • har kunnskap om vurdering av digitale media og medieuttrykk
  • har kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring
  • har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
  • har kunnskap om skulerelevante verktøy og metodar for produksjon av medieinnhald
Ferdigheiter: 

Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:

  • kan arbeide med og tilverke digitalt materiale for bruk i læringsarbeid
  • rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk
  • kan nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi og barn og unge sin digitale kvardag til å identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar kan gje meirverdi i læringsarbeid
  • kan ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar i skulen
  • kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid
  • kan rettleie andre i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
  • kan rettleie andre i arbeid med skulerelevante verktøy for produksjon av medieinnhald
  • kan reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Generell kompetanse: 

Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar: 

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Den primære kontakta med nettstudentar skjer gjennom e-læringssystemet Canvas.

Studenten vel mellom desse 5 emna, les meir om dei i emneplanane:
DKL111N Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk: Du utviklar din eigen profesjonsfaglege kompetanse og etablerer og bruker aktivt ditt eige personlege læringsnettverk i ditt profesjonelle virke. 
DKL112N Læringsdesign og klasseleiing i teknologirike læringsmiljø: Du set fokus på digital didaktikk og læringsleiing i eigne fag og klasserom gjennom arbeid med læringsdesign for teknologirike miljø.  
DKL113N Leiing av digital skuleutvikling: Du utviklar kunnskapar om leiing i og av teknologirike læringsmiljø.
DKL114N Medieproduksjon og samansette tekstar i læring: Du får erfaring med eigne medieproduksjonar, og du vil være i stand til å rettleie og vurdere barn og unge i å lage multimediale produkt.
DKL116N Koding i skulen: Du får erfaring med bruk av ulike ressursar for teknologibruk og koding i læringsarbeid. 

Navn: 
Digital kompetanse i læring - opne emne vidareutdanning. Nettbaserte emne med studieavgift.
Informasjon: 

Dette studiet søker du om du vil ta eitt eller fleire emne innanfor studiet Digital kompetanse i læring. Studiet er fleksibelt og nettbasert, og som student vil du kunne velje studieprogresjon ut frå eigne ønsker og behov. Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis.

Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiet er nettbasert, og har studieavgift. Det krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. Du bør dessutan ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera og eit digitalt fotografiapparat (eller mobilkamera).

Studiet gjer det mogleg for studentar å velje emne etter interesse og behov. DKL består av fem frittståande emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verktøy kan implementerast i læring. Ein kan velje å ta eitt, eller fleire emne etter behov. Du kan setje saman emna som passar best for deg.Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med.

Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Gjennomføring av studiet krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til Internett og vanlege IKT-verktøy. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera, eit enklare digitalt fotografiapparat (mobilkamera), og du må i perioder ha tilgang til eit digitalt videokamera. Utstyrskravet skal vere lågt/skulerelevant (ta kontakt med studieansvarleg for meir informasjon).

Kostnader: 

Kr. 4 000,- pr. 15. stp. emne

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg: 
Synnøve H. Amdam