digital kompetanse hos barn

Digital endring og utvikling i skulen

Vidareutdanning (bachelornivå)

På dette studiet har vi fokus på bruk av arbeidsmåtar og digitale verktøy i eit samfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Samfunnet er i kontinuerleg endring og utvikling, og når samfunnet endrar seg får skulen nye oppgåver. Målet for skuleutvikling er å gjere skulen betre for elevane og legge til rette for gode læreprosessar. Studiet gir lærarar, skuleleiarar, IKT-ansvarlege og andre som har sitt daglege virke i skuleorganisasjonar verkty for å løyse utfordringar.

Les meir

  • Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

Studieinnhald

Studentane vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra på korleis og kvifor skulen bør drive utviklingsarbeid (inkludert bruk av IKT), og kva for faktorar som kan fremje eller hemme ei ønska skuleutvikling. Studiet har tett fagleg oppfølging med tilbakemeldingar og diskusjonar, og med moglegheit for samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske.

  • Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

Løpande opptak

Søknadskode : 3933

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt