Vidareutdanning (bachelornivå)

Design, kunst og handverk

Deltid

Vidareutdanning i design, kunst og handverk har i hovudsak ei praktisk tilnærming til fagområdet, og skal utvikle deg som utøvar i og formidlar av faget.

Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing er i fokus.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4045

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet skal gi forståing for fagfeltet sin eigenverdi i eit historisk, samfunnsmessig, kulturelt, didaktisk og utviklingsmessig perspektiv. Du kan kombinere to ulike emne på 15 studiepoeng i faget. Det er mogleg å studere på deltid og fullføre to emne over eitt år, eller studere på heiltid og fullføre to emne på eit halvt år.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Sentralt i studiet står ditt praktiske arbeid med oppgåver som skal bidra til utvikling av eiga form- og uttrykksevne. Undervisninga vil på alle nivå veksle mellom teori og praktisk arbeid i verkstadene, møte med kunst- og formkultur, og refleksjon kring eige og andre sitt arbeid. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan inngå i Bachelor i design, kunst og handverk eller i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda. Det kan også takast som frittståande vidareutdanning. 

Kontakt

Åshild Sævik           ashs@hivolda.no

 

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

VELKOMEN SOM VIDAREUTDANNINGSSTUDENT HOS SEKSJON FOR DESIGN, KUNST OG HANDVERK!

TYSDAG 18.08: Offisiell opning av studieåret ved Høgskulen i Volda

ONSDAG 19.08: Avdeling for kulturfag og Seksjon for design, kunst og handverk ynskjer studentane velkomne.

Meir detaljert informasjon knytt til tid, stad og form for velkomstarrangementa vil kome på eit seinare tidspunkt, grunna koronasituasjonen.  

Les meir om innhald, arbeidsmåtar og organisering av studiet her: https://www.hivolda.no/studieplaner/2020/KOH30/Haust

Som deltidsstudent på vidareutdanninga tek du eitt emne på hausten og eitt emne på våren. For haust 2020 kan du velje mellom desse tre emna:

https://www.hivolda.no/emne/KOH131/7327

https://www.hivolda.no/emne/KOH115/7330

https://www.hivolda.no/emne/KOH116/6448 

NB! KOH116 har forkrav: Bestått KOH134 Funksjonell design 

Undervisninga startar opp i løpet av veke 34 og 35. Nærare info om kva dagar undervisninga i dei enkelte emna vil gå på, vil bli kunngjort her på eit seinare tidspunkt. Semesterplanar vil bli presenterte i møte med emneansvarlege, og i Canvas, så snart undervisninga startar opp.

Vi ser fram til å møte deg!

Studieplan

Design, kunst og handverk (vidareutdanning) oppstart haust

Studieprogram: 
Design, kunst og handverk vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester, der studenten tek eitt emne pr. semester. Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget, og utviklar deg som utøvar i, og formidlar av faget. Studiet fokuserer på fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.

I studiet er det tilbod om fleire emne, og studenten vel to emne etter eige ynskje. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet vert sett saman av to emne à 15 studiepoeng, etter studenten sitt eige ynskje (sjå emnealternativ under overskrifta Valfrie emne).

Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, kan studenten søkje om å få eit av emna innpassa som ein del av studiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk).

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane. 

 

Kostnader

Studentane betalar ei materialavgift for dei fleste emne. Denne dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i dei aktuelle emneplanane. I tillegg må studenten pårekne innkjøp av litt materiale til bruk i eige eksamensarbeid, i enkelte av emna. 

Anna
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Ansvarleg
Åshild Sævik

Last ned studiet som PDF