Vidareutdanning (bachelornivå)

Design, kunst og handverk

Deltid, Heiltid

Vidareutdanning i design, kunst og handverk har i hovudsak ei praktisk tilnærming til fagområdet, og skal utvikle deg som utøvar i og formidlar av faget.

Stengt for søking

Søknadskode : 4045

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Studieinnhald

Studiet skal gi forståing for fagfeltet sin eigenverdi i eit historisk, samfunnsmessig, kulturelt, didaktisk og utviklingsmessig perspektiv. Du kan kombinere to ulike emne på 15 studiepoeng i faget. Det er mogleg å studere på deltid og fullføre to emne over eitt år, eller studere på heiltid og fullføre to emne på eit halvt år.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Sentralt i studiet står ditt praktiske arbeid med oppgåver som skal bidra til utvikling av eiga form- og uttrykksevne. Undervisninga vil på alle nivå veksle mellom teori og praktisk arbeid i verkstadene, møte med kunst- og formkultur, og refleksjon kring eige og andre sitt arbeid. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan inngå i Bachelor i design, kunst og handverk eller i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda. Det kan også takast som frittståande vidareutdanning. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Janne Heggvoll

Studieplan

Design, kunst og handverk (vidareutdanning) oppstart haust

Studieprogram: 
Design, kunst og handverk vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester, der studenten tek eitt emne pr. semester. Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget, og utviklar deg som utøvar i, og formidlar av faget. Studiet fokuserer på fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.

I studiet er det tilbod om fleire emne, og studenten vel to emne etter eige ynskje. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet vert sett saman av to emne à 15 studiepoeng, etter studenten sitt eige ynskje (sjå emnealternativ under overskrifta Valfrie emne).

Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, kan studenten søkje om å få eit av emna innpassa som ein del av studiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk).

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane. 

Oversikt over emne og dagar undervisninga foregår: 

KOH115: tysdag og torsdag

KOH117: onsdag og fredag

KOH131: måndag og torsdag

Kostnader

Studentane betalar ei materialavgift pr. emne. Denne dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i dei aktuelle emneplanane. I tillegg må studenten pårekne innkjøp av litt materiale til bruk i eige eksamensarbeid, i enkelte av emna. 

Anna
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Ansvarleg
Åshild Sævik