Vidareutdanning (masternivå)
Brennpunkt Midtausten
Studiet gir deg innsikt i Midtausten og korleis faktorar av historisk, religiøs, kulturell og etnisk art spelar ei rolle for dei politiske motsetnadene i regionen.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
Midtausten er nemninga på ein geografisk vagt definert region med felles kulturell referanseramme. Kjerneområdet omfattar beltet av land frå Egypt i vest til Persiabukta i aust med landa på Den arabiske halvøya og Iran. Det er delt i fire hovudtema: Kulturell og religiøs bakgrunn, Midtausten og Palestina og kampen om Jerusalem.
Emnet er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører og seinare vil gå vidare til mastergraden, får studiet automatisk godskrive.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Vurdering i studiet skjer på grunnlag av endeleg versjon av prosessoppgåva, og ein justerande munnleg eksamen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Digital semesterstart på zoom 19. august 2026 kl 14:00
Samlingane blir strøyma i sanntid (zoom).
Veke 35
Digitalt, 3 dagar (heile dagane)
25. - 27. august 2026
Veke 39
Digitalt, 3 dagar (heile dagane)
22. - 24. september 2026
Tid og stad kjem.
Opptakskrav
- Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
- Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag, og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
- Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.
Det er krav om karaktersnitt C eller betre.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet blir automatisk godskrive i Master i kulturmøte.
