Bli lærar i Volda!

– Det skal vere kult, spennande og innovativt å vere lærar. Vi må ta i bruk ny teknologi og utvikle nye undervisningsmetodar. Eg ville ha ein jobb der eg kan by på meg sjølv og sjå unge menneske utvikle seg både fagleg og sosialt i eit pedagogisk stimulerande læringsmiljø, seier rektor Dag Atle Lee Eksund.

Dag Atle Lee Eksund
Ung rektor med engasjement: Dag Atle Lee Eksund.

Godt rykte

– Eg kjende fleire som hadde tatt ei lærarutdanning i Volda og som var godt nøgde med både utdanninga og studiestaden. Studiebygda Volda har mange gode kvalitetar med mange og varierte fritidstilbod, eit godt studentmiljø og den vakraste naturen vi finn i Noreg.

Digital spydspiss - ny teknologi i undervisninga

Høgskulen i Volda (HVO) er i nasjonal fremst i arbeidet med å gje studentane ei framtidsretta og praksisnær utdanning der digital kunnskap og bruk av ny teknologi i undervisninga er ein naturleg del i alle fag.

Digital
Digital spydspiss.

God og stabil arbeidsmarknad

Læraryrket er viktig i dagens samfunn og vil òg vere det i framtida. Når ein ser arbeidsmarknaden i eit litt lengre perspektiv, så er læraryrket mellom dei mest stabile og sikre yrka ein kan ha. Lærarar treng ein anten arbeidslivskonjunkturane går opp eller ned. Med ei lærarutdanning kan du arbeide og bu nesten kor som helst, for barnehagar og skular finst nesten alle stader.

Nær kontakt mellom student og lærar

– Høgskulen i Volda har mange dyktige fagfolk. Det er også god kontakt mellom studentane og dei tilsette ved høgskulen, noko eg ser som ein stor fordel sett i høve større undervisningsinstutusjonar der det kan vere lettare å forsvinne i mengden, seier Dag Atle Lee Eksund.

Studieopphald i utlandet

Høgskulen i Volda er ein av dei beste på internasjonal studentutveksling. På campus har vi mange utanlandske studentar. I grunnskulelærarutdanningane (GLU) kan du i fjerde semester velje å studere i utlandet, og HVO har mange aktuelle samarbeidspartar.

Praksis og skuleovertaking

Når lærarstudentane evaluerer studiet sitt, så er erfaringane frå praksisperiodane svært viktige. Høgskulen i Volda satsar difor hardt på å tilby gode praksisopphald for studentane. I periodar tar studentane og over drifta av ein heil skule, sokalla skuleovertaking.

─ Vi har plutseleg ansvar for alt, og arbeidssituasjonen blir veldig reell. Det er veldig spennande, for i vanleg praksis får vi jo rettleiing frå praksislærarane. No rettleier vi i stor grad kvarandre, og har stort utbytte av å følgje dei andre studentane si undervisning.

Praksis
Populær kar. Praksis er viktig i lærarutdanningane.

 

Reduksjon av studielån

Om ein fullfører GLU 1-7, kan ein få sletta 106 000 kroner av studielånet. Føresetnadane er at ein fullfører utdanninga på normert tid og at ein har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning. Om ein fullfører GLU 5-10 og jobbar som lærar i minst tre år, kan ein få sletta 51 000 kroner av studielånet. Føresetnadane er at ein fullfører studia på normert tid og at ein har jobba som lærar i minst tre av de første seks åra etter fullført utdanning.

Dei beste stundene som lærar

– Dei beste stundene er når eg ser elevane mine opplever læring og meistring i eit godt skulemiljø. Eg gler meg over dyktige kollegaer og interesserte foreldre og føresette. Gode relasjonar til dei ein jobbar i lag med og gjer ein jobb for er gull verdt, avsluttar Dag Atle Lee Eksund.

 

Lærar ofg to elevar
Mange fine stunder.

Studentliv i Volda

Les meir om korleis det er å vere lærarstudent i Volda, studiemiljøet og alt du kan gjere på fritida...

Nytt om lærarutdanningane