GIS

Arealplanlegging og GIS 2

Vidareutdanning (bachelornivå)

Tilbodet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS og bygger på innføringsemnet IPA173.  

  • Deltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    IPA173 eller tilsvarande og til saman minimum 30 studiepoeng

Studieinnhald

Emnet skal gje ei forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga som del av det offentleg forvaltingsapparatet. Konkrete arealplanprosessar vert lagt til grunn for undervisninga. Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse, avgjerdstøtte og medverknad i planlegging samt plankonstruksjon. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium.  

Les meir om emnet

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar, utarbeiding av arbeidskrav og semesteroppgåve.

  • Deltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    IPA173 eller tilsvarande og til saman minimum 30 studiepoeng

Løpande opptak

Søknadskode : 3936

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt