Andrespråkspedagogikk 1, 1-10 trinn
Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Studiet gir lærarar på 1.-10. trinn eit teoretisk og empirisk grunnlag for å kunne tilpasse opplæringa i fleirspråklege elevgrupper. Det er eit mål at dei minoritetsspråklege elevane både får utvikla språkferdigheitene sine og får utvikla ein fagleg kompetanse som er i samsvar med det dei har kapasitet for.
Sentrale tema vil mellom anna vere fleirspråkleg og fleirkulturell oppvekst, tilpassa opplæring og utvikling av eit inkluderande læringsmiljø, andrespråkslæring og lov- og planverk som gjeld for minoritetsspråklege elevar i skulen.
Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- Start haustSøknadsfrist 01.03.2021
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
- Studieplan
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga i kvart emne er organisert i tre obligatoriske samlingar som går over to heile dagar. Mellom kvar av samlingane er det lagt opp til at studentane arbeider med ulike nettbaserte arbeidskrav. Høgskulen i Volda nyttar læringsplattforma Canvas, og studentane må difor disponere pc med nettilgang.
Vurderingsordningar:
- Haustsemesteret: Ein individuell, skriftleg heimeeksamen over to dagar.
- Vårsemesteret: Mappeeksamen
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir lærarar på 1.-10. trinn eit teoretisk og empirisk grunnlag for å kunne tilpasse opplæringa i fleirspråklege elevgrupper.
Studieplan
Andrespråkspedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studiet gir lærarar på 1.-10. trinn eit teoretisk og empirisk grunnlag for å kunne tilpasse opplæringa i fleirspråklege elevgrupper. Det er eit mål at dei minoritetsspråklege elevane både får utvikla språkferdigheitene sine og får utvikla ein fagleg kompetanse som er i samsvar med det dei har kapasitet for. Sentrale tema vil vere kunnskap om fleirspråkleg og fleirkulturell oppvekst, tilpassa opplæring og utvikling av eit inkluderande læringsmiljø, andrespråkslæring, utvikling av norskspråklege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv, systematisk arbeid med ord og omgrep og kunnskap om kartleggingsverktøy, lov- og planverk som gjeld for minoritetsspråklege elevar i skulen.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning?)
Studenten har kunnskap om:
- fleirspråklegheit og føresetnader for skuleframgang for minoritetsspråklege elevar
- grunnleggande ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv
Studenten kan:
- arbeide med eit læringsmiljø som tek utgangspunkt i språkleg og kulturelt mangfald som ein ressurs
- planleggje, gjennomføre og vurdere tilpassa opplæring for minoritetsspråklege elevar
Studenten kan:
- gjennomføre og har engasjement for utviklinga av eit inkluderande læringsmiljø i den fleirspråklege og fleirkulturelle skolen
Studiet er organisert i to emne på 15 studiepoeng kvar og med avsluttande eksamen etter kvart emne. Emne 1 er lagt til haustsemesteret, og emne 2 er lagt til vårsemesteret. Studentane byrjar med emne 1, og stått eksamen i emne 1 er ein føresetnad for å kunne fortsette på emne 2. Kvart av dei to emna har tre obligatoriske samlingar som går over to heile dagar. Studiet blir drifta på læringsplattforma Canvas, og studentane må difor disponere pc med nettilgang.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum | 15 | 15 |
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- Start haustSøknadsfrist 01.03.2021
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
- Studieplan
Søknadskode : 4398