Studiestart 2023

Studiåret 2023/24 startar med offisiell opning 15. august ved Høgskulen i Volda.
Program for dagen:
10:30: Konsert med studentband mellom BK og SR
11.00: Offisiell opning med helsingar og musikk mellom BK og SR
11.45: Fadderveka: Fadrane samlar sine studentar mellom BK og SR
12.30: Studieprogram/avdelingsvise orienteringmøte - fadrane har teke med studentane til studieprogramoppstartane
Seinast 15.00: Fadderveka tek over studentane igjen
Tilleggsprogram:
09.45–10.45: Ope fagleg seminar i Store auditorium i Berte Kanutte-huset (BK): Lokalval og lokaldemokrati i Noreg. Historisk utvikling og tendensar i deltaking og representasjon, ved professor Bjarte Folkestad frå Avdeling for samfunnsfag og historie.
(Seminaret er ope for alle, og det er ikkje ein del av sjølve opningsseremonien.)
Du vil finne meir informasjon om opninga og studiestart på denne sida.