Forkurs i matematikk for framtidige grunnskulelærarstudentar

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

3b356a1bc0eb868fdb3fef78c0045ce5

Frå og med opptak til studieåret 2016/2017 har Kunnskapsdepartementet vedtatt et nytt opptakskrav till grunnskulelærarutdanninga. Høgskulen i Volda tilbyr Grunnskulelærarutdanning for 1.-7. årssteg og 5.-10. årssteg. Søker du desse studia, må du dokumentere et gjennomsnitt på minimum karakteren 4 i fellesfaget matematikk (224 timer) frå vidaregåande skule.

Om du har bestått eit av følgjande programfag i matematikk på vidaregåande skule; S1, S2, R1 eller R2, har du dekt karakterkravet og treng ikkje forkurs.

Viss du ikkje dekkjer opptakskravet om karakteren 4 i fellesfaget i matematikk i 2016 eller har bestått eit av programfaga ovanfor, vil ein som søkjar få tilbod om eit forkurs ved Høgskulen i Volda. Forkurset går frå 4. til 28. juli og har eksamen 1. august. Innhaldet i kurset vil svare til fellesfaget i matematikk (1P og 2P) i vidaregåande skule.

Her har vi ei eiga side der du finn all informasjon om forkurset i matematikk ved Høgskulen i Volda.

Del på