Mentor

Mentor
Mentor er ei ordning gjennom NAV for studentar som har behov for tilrettelegging, slik at dei får ein assistent i studiearbeidet sitt ved høgskulen. Nav skriv dette om ordninga.

Det er ikkje mange som får mentor, men nokre kvart studieår. Mentoren skal hjelpe ein student med faglege, sosiale eller praktiske utfordringar, ut frå studenten sine behov. Dette kan vere alt frå å prate om korleis ein organiserer studiekvardagen, til å hjelpe med notering. Mentor vert tildelt i samarbeid mellom høgskulen og NAV, og studenten styrer mykje korleis mentoren skal jobbe. Rammene for avtalen vert evaluert og revidert undervegs, dersom behovet endrar seg. Dette skjer i samråd med studenten og mentoren.

Ein mentor er ikkje tilsett ved høgskulen, men får likevel betalt honoraret sitt gjennom oss – mentoren er oppdragstakar. Dette betyr at det ikkje gjeld vanlege vilkår om ferie og arbeidsmiljø – arbeidstida vert avtala med studenten, ut frå behov. Det vert avtala eit visst tal timar pr. veke/ månad, og mentor har timebetaling for dette, men får ikkje utbetalt honorar når studenten har ferie, er sjuk, eller ved anna varsla fråvær for studenten.

Oppdraget vert godtgjort med kr 171,- pr. time - regulering 1. juli kvart år.

Du finn meir informasjon om ikkje-tilsette arbeidstakarar/oppdragstakar i Skatteetaten si brosjyre “Arbeidstaker eller næringsdrivende” på skatteetaten.no

Det er ofte ein student på eit høgare kull som vert valt til mentor, men personlege eigenskapar tel mykje i tillegg til fagleg kunnskap. Dersom du er interessert i å jobbe som mentor, kan du sende ein søknad: Søknadsskjema