Tilrettelegging av eksamen

Treng du særskild  tilrettelegging for å gjennomføre eksamen? Du kan søkje om dette, så vert det vurdert ut frå din situasjon.
MEN: Tilrettelegginga skal ikkje senke faglege krav eller gje fordelar, berre kompensere for ulemper.

Slik situasjonen er no, i Koronatida, vil vi berre kunne tilby utvida tid, og vurderer dette ut frå inviduell søknad. Det vert normalt ikkje gitt utvida tid for semesteroppgåver og heimeeksamenar på meir enn 7 dagar. Søknadsskjema finn du her.

Ordinær søknadsfrist var 15. februar, men søk no om du har fått utfordringar du ikkje kunne forutsjå:

  • Om du vert akutt sjuk eller skada
  • Livssituasjonen hindrar deg i å gjennomføre som planlagt. Dette gjeld t.d. stengd barnehage/ SFO (dokumenter dette med kopi/ bilde av fødselsattest for barn under 10 år, eller bustadattest).

Her finn du skjema for å søke om tilrettelegging.  (Du kan også skrive denne informasjonen direkte i ein e-post, så lenge du sikrar at all informasjonen vert med)

Send skjema/ e-post og eventuelle vedlegg som digital post til Høgskulen i Volda, eller send e-post til studentsorvis@hivolda.no. Hugs kryptering om du sender som e-post.

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset