Munnleg eksamen via video

Høgskulen i Volda bruker videoverktøyet Zoom for gjennomføring av munnleg eksamen utan fysisk frammøte på campus.


Førebuing til eksamen

Gjer deg kjent med Retningsliner for digital munnleg eksamen

Utstyr

  • Datamaskin: Til munnleg eksamen tilrår vi bruke datamaskin med Windows eller MacOS. Zoom fungerer også bra på nettbrett og mobiltelefon , men det er betre at desse vert brukte som reserveløysing dersom det skulle oppstå problem med datamaskinen din.
  • Oppdater maskinen din ein dag eller to før eksamen for å redusere risikoen for automatisk oppdatering under eksamen.
  • Lydutstyr: For å få best mogleg lydkvalitet, bør det brukast USB-tilkopla utstyr som hovudtelefonar, høgtalare med mikrofon eller eksternt USB-kamera med mikrofon. Zoom fungerer også med innebygd mikrofon og høgtaler, men lyden vil då kunne bli dårlegare på grunn av akustikk og støy frå datamaskinen og omgivnad.
  • Kamera: Bruk innebygd kamera i datamaskinen/skjermen eller eksternt USB-kamera.

Internett

  • Tilkobling: Vi tilrår at du – under eksamen - brukar kabla internettilkopling der det er praktisk mogleg. Dersom du ikkje har høve for å bruke kabla internettilkopling, bør du plassere deg så nær trådlaus-ruteren som mogleg.
  • Fars: Sjekk nettfarten på Nettfart. Du bør ha ein opplastingsfart på minimum 1,5 Mbps (megabit per sekund). Det kan vere lurt å tipse andre brukarar av nettverket om at du tek eksamen, slik at dei kan tilpasse bruken av nettverket viss det blir nødvendig.
  • Reservenett: Dersom du mister internett-tilgang heime så er det alternative måtar å kople seg på nettet, til dømes ved å bruke Internettdeling via ei mobil eining.

Installer og test Zoom

  • Last ned og installer Zoom-klienten her
  • Zoom testmøte, vel Join, vel Open Zoom og følg rettleiinga for å teste utstyret.

Under eksamen

  • Omgivnad: Bruk eit rom der du kan vere åleine utan forstyrringar. Sitt slik at du ikkje har sterkt lys bak deg (motlys i kamera). Sørg for at andre ikkje bruker mykje av kapasiteten på nettverket ditt.
  • Utstyr: Ta omstart av datamaskinen din og sørg for å avslutte opne program som ikkje er relevante for eksamen. Start Zoom-klienten. 
  • Gå inn i Zoom-møtet i god tid før oppgitt klokkeslett anten med lenka, eller med meeting ID du fekk frå faglærar. Venterom.
  • Ver klar til å vise fram legitimasjon med bilde, og til å filme heile rommet med kamera for å vise at du er åleine.

 

Orientering om juks

Juks på eksamen kan medføre annullering av eksamen, og at studenten kan bli utestengt frå institusjonen og fråtatt retten til å gå opp til eksamen ved alle utdanningsinstitusjonar som er underlagt universitets- og høgskuleloven, i inntil eitt år.
Sjå meir informasjon på HVO si nettside

Kontakt & brukarstøtte
IT-hjelp: 
e-post: 5400@hivolda.no
Tlf: 70075400


Studentsørvis: 
e-post: studentsorvis@hivolda.no
Tlf: 70075018