Eksamensmelding

Oppmelding til ordinær eksamen
Oppmelding til ordinær eksamen skjer normalt i Studentweb. Du semesterregisterer deg ved å legge til emne, undervisningsmelding, vurderingsmelding og til slutt godkjenner utdanningsplan. Fristane går fram av Viktige fristar

Sjukdom ved eksamen

Dersom du er sjuk eller har annan gyldig grunn til ikkje å ta eksamen, kan du godkjent gyldig fråvær. Med gyldig fråvær brukar du ikkje eit forsøk, og du kan søkje om utsett eksamen. 

Utsett eksamen er ein eksamen som vert arrangert for deg som er sjuk eller har annan gyldig grunn for fråvær ordinær eksamen. Utsett eksamen vert halden anten i veke 40 eller veke 10 i studieåret. Det kan forekome avvik. Les dato i Studentweb.

For emne som har eksamen kvart semester, kan studentar med gyldig fråvær bli viste til neste ordinære eksamen. 

Ved heimeeksamen og innleveringar kan du etter søknad få utsett innleveringsfrist i staden for utsett eksamen. I slike høve du søke til Studieadministrasjonen så tidleg som mogleg før innleveringsfristen er ute. Søknaden må dokumenterast.


Eigenmelding som gyldig dokumentasjon vårsemesteret 2020

Med heimel i Mellombels forskrift om studium og eksamen grunna SARS-CoV-2 (koronavirus) har studentar høve til å levere eigenmelding som dokumentasjon på sjukdom under eksamen i perioden 20.03.20-01.09.20. I denne perioden vert eigenmeldt fråvær frå eksamen likestilt med gyldig fråvær frå eksamen. Eigenmelding må leverast før innleveringsfristen for eksamenen er ute.

Eigenmeldingsskjema finn du her

 

Oppmelding til kontinuasjon og nytt eksamensforsøk, (privatisteksamen)

Er du aktiv student på eit studium, så skal oppmelding til kontinuasjonseksamen og ny eksamen gjerast i Studentweb. Det er oppretta vurdering på emner der studentar har rettar til kontinuasjon. Det vert ikkje avvikla kontinuasjonseksamen på emner der det ikkje har meldt seg studentar med rettar til dette. Det betyr at dei som vil forbetre karakter må melde seg opp til ordinær eksamen dersom kontinuasjon ikkje er tilgjengeleg. Merk at du som student har ansvar for at du har meldt deg til rett eksamen/-del. Om du skal ta kontinuasjonseksamen i berre ein eksamensdel i eit emne, så må du melde deg av den delen du ikkje skal ha. Har du ikkje aktiv studierett må du fylle ut skjema: skjema for kontinuasjon og ny eksamen.

Skriv ut skjemaet, fyll det ut og send det til Studentsørvis (adressa står på skjemaet). Frist for oppmelding går fram av skjemaet og av oversikta over Viktige fristar.


Oppmelding til privatisteksamen


Privatistar må bruke eige skjema for å melde seg til eksamen. Dette gjeld berre studentar som ikkje har studierett på det studieprogrammet eksamenen høyrer til. Ver merksam på at det er knytt gebyr til avviklinga av privatisteksamen. For meir informasjon, ta kontakt med oss på Studentsørvis: 
studentsorvis@hivolda.no eller tlf. 70075018.

Avmelding fra eksamen

Frist
Du kan melde deg av eksamen inntil 14 dagar før den enkelte eksamensdel startar.

Du melder deg av eksamen i Studentweb . Har du ikkje høve til å bruke Studentweb finn du Skjema for eksamensavmelding her (Pdf)*.

Eksamensforsøk
Dersom du melder deg av ein eksamen innan avmeldingsfristen, nytter du ikkje eit av dei tre forsøka du har på å ta eksamen i emnet. Ver merksam på at avmelding gir ikkje automatisk rett til ny eksamen (kontinuasjonseksamen).

Rett til ny eksamen (kontinuasjon)
Avmelding før frist, trekk under eksamen og ikkje møtt/ikkje levert gir ulik rett til ny eksamen i påfylgjande semester. Meir informasjon finn du i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kap. 5,  § 5-2. 

Trekk under eksamen

Avmelding eller trekk etter fristen vert registrert som eitt forsøk. Trekk etter fristen og fram til eksamensdagen vert rekna som trekk under eksamen. Ved manglande avmelding/trekk under eksamen, vert det registrert ikkje møtt/ikkje levert.

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset