Tilrettelegging av eksamen

Treng du særskild  tilrettelegging for å kunne gjennomføre eksamen, må du søkje om dette. Dette vert vurdert ut frå dokumentert behov, og innvilga så langt som råd. Tilrettelegginga skal ikkje senke faglege krav eller gje fordelar, berre kompensere for ulemper.

Døme på aktuelle særordningar er bruk av PC, hjelpemiddel (t.d. LingDys), utvida tid og eige rom. Dersom det gjelder hjelpemiddel du ikkje brukar til vanleg, så må du prøve det ut på førehand. Grunna press på bruk av rom i eksamenstida, så er det atterhald om kor vidt ein etter søknad kan få tildelt eige rom ved eksamensavvikling.

Søknadsfrist:
15. februar for vårsemesteret
1. oktober for haustsemesteret

Om du vert akutt sjuk eller skada kan du likevel få innvilga tilrettelegging etter at fristen er ute så langt det let seg gjere. 

Her finn du skjema for å søke om tilrettelegging.

Send skjema til Høgskulen i Volda, v/Studentsørvis saman med attestasjon frå lege/sakkunnig. Ved dysleksi, dyskalkuli eller dysgrafi, må du legge ved utredning frå logoped/sakkunnig på feltet.

 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset