Sensur, grunngjeving og klage

Kunngjering av sensur


Sensur vert normalt kunngjort i Studentweb, og sensurfristen er 3 veker etter eksamen.
I periodar med mange heilagdagar, er sensurfristen sett til 15 virkedagar. Jf. Midlertidig forskrift om sensurfrist (virkningstid: 01.08.2017 - 31.12.2018).


Grunngjeving

Den som har avlagt eksamen har rett til å få grunngjeving for karakterfastsetjinga av eigen prestasjon. (jf. UH-lova § 5-3 Klage over karakterfastsetting – rett til grunngjeving).

Krav om grunngjeving må framsetjast innan ei veke frå kandidaten fekk kjennskap til karakteren, (dvs. frå det tidspunktet karakteren er kunngjort i Studentweb).

Ved munnleg eksamen eller vurdering av praktiske kunnskapar, må krav om grunngjeving framsetjast med ein gong karakteren er kunngjort.

Sensor sjølv avgjer om grunngjevinga skal gjevast skriftleg eller munnleg. Vi gjer merksam på at namnet ditt vil verte gitt til sensor, når du søkjer grunngjeving.

Søknad om grunngjeving registrerer du i Studentweb via Resultat - Grunngjeving og klager. 
 

Klage

Fristen for å klage på ein eksamenskarakter er 3 veker etter at sensuren er kunngjort. Dersom ein har bede om grunngjeving for ein karakter er klagefristen 3 veker etter at ein mottar grunngjevinga.

Det er ikkje høve til å klage på vurderinga ved munnlege/praktiske eksamenar.

Utfyllande informasjon om klagereglement finn du i Universitets- og høgskulelova, i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, og retningslinjer for grunngjevingar og klage.

Ønskjer du å klage på karakter må du registere dette i Studentweb via Resultat - Grunngjeving og klager.

 

 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset