Digital eksamen

Før eksamensdagen
Sjekk i studentweb kandidatnummeret ditt og kva for datalab/rom eksamen skal gjennomførast ved. Du må hugse ditt brukarnamn og passord.

Eksamensdagen
Møt fram til lokalet kl. 08:30, og ta med gyldig legitimasjon

Digital eksamen på skulen sine datarom

Du får tilvist plass i lokalet med namnelapp. 

  • Start Pc'en etter gitt instruks som du finn liggande ved din tildelte plass. 

  • Eksamen startar til oppsett tid. 

  • Opplysningar om kva hjelpemiddel som er tillate under eksamen blir gitt av hovudvakta, men står også å lese i emneplanen. Dersom ein ønskjer å bruke papir/kladdark under eksamen, ta kontakt med eksamensvakta. 

  • Du plikter å rette deg etter anvising gitt av hovudvakta i eksamenslokalet. 

  • Skulle det oppstå tekninske problem under digital eksamen må du straks påkalle eksamensvakt. Unnlater du å påkalle eksamensvakt når du oppdagar tekniske problem, kan dette verte handtert som fusk eller forsøk på fusk. 

  • Viktig: Ta kontakt med eksamensvakta når du er klar til å levere eksamenssvaret ditt. Eksamensvakta skal sjekke at svaret blir levert; kvitteringsmelding kjem opp på skjermen. Før du forlet eksamenslokalet skal du kvittere på papirliste at du har levert. 

Digital eksamen med eigen bærbar datamaskin

For å ta digital eksamen på eigen bærbar maskin, må nettlesaren Safe Exam Browser (SEB) installerast. Denne nettlesaren låser maskina di under eksamen slik at du berre har tilgang til eksamenssystemet. Logg på https://hivolda.inspera.no og ta demoprøven med passord for å installere Safe Exam Browser.

Krav til maskinvare
Maskina må ha eit fungerande trådlaus nettverkskort og du må ta med strømkabel på eksamensdagen. Maskina må vere i stand til å køyre uavbrote under heile eksamenstida. Det er lov å ta med mus, men den kan ikkje vere trådlaus. Dei som ikkje har ei fungerande datamaskin må pårekne seg å skrive for hand. Det gjeld også dei som gløymer å ta med bærbar datamaskin på eksamensdagen.

Før eksamensdagen
Eit par veker før du møter til eksamen må du sørge for følgjande:

  • At maskina di fungerer som den skal. Dersom du mistenkjer at noko er gale med den, kan du ta den med til IT-hjelp så kan dei sjå over den.
  • At du har installert Safe Exam Browser (SEB).  NB: merk at SEB stiller krav til operativsystemet ditt. Eldre maskiner kan kanskje ikkje køyre den, dette finn du ut under installasjonen. IT-hjelpa kan hjelpe dersom du får problem.
  • At du har gjennomført demoeksamen. Sjå instruksjonsvideo. Logg på med Feide kontoen din på denne sida: https://hivolda.inspera.no/. Dersom du klarer å gjennomføre demoeksamen, kan du vere trygg på at maskina di er klar til bruk på eksamensdagen.


Eksamensdagen

  • Ta med datamaskin og strømkabel til eksamen.
  • Ta med ørepropper om du har behov for det.
  • Møt opp seinast 30 minutt før start.
  • Finn plassen din og koble datamaskina di til strøm.
  • Ta ein omstart dersom maskina er i dvalemodus.
  • Knytt maskina til trådlausnettet og start SEB.
  • Logg på med Feide kontoen din. Sjå instruks som ligg på kvart bord. Eksamensvaktene kjem rundt og tastar inn dagspassord/PIN kode like før eksamen skal starte.


Dei som treng kladdepapir får det med eksamensvaktene. Når eksamenstida er over, låsast eksamenssvaret ditt automatisk og du blir sendt til innleveringssida. Eksamenssvaret er tilgjengeleg for deg under 'Arkiv' fana inne i systemet etter at svaret er levert.

Behov for tilrettelegging
Studentar som har fått innvilga tilrettelegging ved eksamen må sjekke informasjon og eksamensrom i Studentweb.

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset