Aktivering av brukarkonto for EVU-kurs
Her aktiverer du din brukarkonto som deltakar på kurs i Etter- og vidareutdanning.
Viktig informasjon om tilgang til studieadminstrative system
Feide-innlogging er felles løsning for heile universitets- og høgskulesektoren i Noreg.
Du får eigen innlogg som er knytt til den enkelte institusjon. Dersom du har Feide-tilgang gjennom arbeidsplassen din,
er dette ein eigen konto med eige brukarnamn og passord.
Ved innlogging til Høgskulen i Volda sine system er det difor viktig at du nyttar konto som du får tildelt her ved høgskulen, med tildelt hivolda.no e-post adresse og passordet du har fått/endra.
Vi rår til at du nyttar privat visning (inkognitovindauge) i nettlesaren din når du nyttar Feide-innlogging i høgskulen sine system. Dette gjer at eventuell lagra påloggingsinformasjon frå andre institusjonar/arbeidsplass ikkje kjem med.
Etter at du har aktivert din brukarkonto kan du nytte lenka her til innlogging til Canvas
Treng du hjelp? Ta kontakt med Studentsørvis på e-post studentsorvis@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18.