Studiebarometeret

Føremål

Studiebarometeret vert gjennomført for å fange opp studentane sitt syn på utdanningskvalitet. Føremålet er å auke studiekvaliteten og gi nyttig informasjon til høgskular/universitet, studentar og andre. Resultata gir utdanningsinstitusjonane moglegheit til å gjere forbetringar. I tillegg vert resultata brukt til forsking på utdanningskvalitet. Undersøkinga vert utført av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. 

Kvifor får du spørsmål om å delta?

Undersøkinga går til 65 000 studentar i 2. eller 5. studieår. Institusjonen du går på har latt oss hente ut direkte personidentifiserbare opplysningar (e-postadresse og telefonnr.) og indirekte personidentifiserbare opplysningar (studieprogram, kjønn, alder, opptaksgrunnlag, eksamensresultat og statsborgarskap).

Kva inneber det for deg å delta?

Å delta i undersøkinga inneber å fylle ut eit spørjeskjema. Dette tek ca. 10-12 minutt. Alle som svarar er med i trekninga av 5 gåvekort på 5 000 kr og 25 gavekort på 1 000 kr.

Det er friviljug å delta

Det er friviljug å delta i undersøkinga, og du kan når som helst trekkje samtykket tilbake utan å oppgi nokon grunn.

Personvern – Korleis vert dine opplysningar brukt og lagra

All informasjon som vert samla inn vert behandla konfidensielt og i samsvar med personvernregelverket. Det vil ikke verte offentleggjort data som kan identifisere den enkelte. 

Meir informasjon om personvern finst i undersøkinga.

Bakgrunnsinformasjon vert utlevert frå institusjonane til NOKUT for alle studentane, på bakgrunn av ei rettsleg forplikting. Det gjeld òg dei som ikkje svarar. Dette for å undersøkje om svara vi får er representative, noko som er svært viktig for å kunne tolke resultata. Det er mogleg å reservere seg mot dette ved å sende e-post til res-studiebarometeret@nokut.no. Bakgrunnsopplysningane for dei som ikkje deltek i undersøkinga vert sletta innan februar 2019.

Kvar kan eg finne ut meir?

Om du har spørsmål til studiet, eller ynskjer å nytte deg av dine rettigheiter, ta kontakt med:

Dine rettigheiter

Så lenge du kan identifiserast i datamaterialet, har du rett til:

  • innsyn i kva personopplysningar som er registrerte om deg,
  • å få retta personopplysningar om deg, 
  • å få sletta personopplysningar om deg,
  • å få utlevert ein kopi av dine personopplysningar (dataportabilitet), og
  • å sende klage til personvernombodet eller Datatilsynet om handteringa av dine personopplysningar.