Om studenttinget i Volda

Studenttinget 

Studenttinget består av 11 representantar valde frå dei ulike avdelingane ved høgskulen. To frå kvar av dei fire avdelingane, samt 3 frie representantar. Studenttinget har møter ca ein gong i månaden, der ein drøftar og vedtek Studenttinget sine standpunkt og saker å arbeide vidare med. Studenttinget vert valt kvart år i september.

Arbeidsutvalet 

Arbeidsutvalet til STiV (AU) tek seg av den daglege drifta, og sørgjer for at vedtaka til Studenttinget vert gjennomført. AU blir valt av Studenttinget kvart år i april, og består av fem verv: leiar Håvard Bjørnerem, fagansvarleg Oda Næs Skoglund, velferdsansvarleg Guro Kvist, internasjonalt ansvarleg Paloma Lorenzale og informasjonsansvarleg Simen Langeland. Desse jobbar med kvart sitt fagområde, samstundes som mykje av AU sitt arbeid blir gjort i fellesskap. AU held til på Studenttinget sitt kontor i Berte Kanutte-huset. AU har faste møter ein gong i veka.