Møt oss digitalt på messer og skulebesøk!
Møt oss digitalt på messer og skulebesøk!
I starten av 2021 kan du møte oss på digitale utdanningsmesser landet over. Vi skal også på digital skuleturné i Vestland og Møre og Romsdal. Kom innom vår digitale stand for å høyre korleis det er å studere i studiebygda omkransa av spektakulær natur, med kort veg til alt og eit aktivt og inkluderande studiemiljø. Vi tek vare på deg!
Digitale messer
I år blir Utdanningsmessene digitale. Du kan lese meir om dette her.
For å sikre kapasitet er landet delt inn i 6 regionar. Målet med dette er å fordele besøket, slik at det er tilstrekkeleg kapasitet, og at dei som besøker messa raskt får svar på spørsmål og får ei god oppleving.
Messene er bemanna i skuletida: 09.00 - 15.00.
Her kan du møte oss:
Austlandet (Viken): 12.-15. januar 2021
Sør-Norge (Agder, Vestfold, Telemark): 18.-22. januar 2021
Vest-Norge (Vestland, Rogaland) : 25.-28. januar 2021
Midt-Norge (Trøndelag, Møre og Romsdal, Innlandet): 1.-5. februar 2021
Nord Norge (Troms, Finnmark, Nordland): 11.-12. februar 2021
Austlandet (Oslo): 17.-18. februar 2021
Digitale skulebesøk
Vestland: 19.-20. januar 2021 (08.30-11.30) Les meir her
Møre og Romsdal: 08.-12. februar 2021 (08.30-11.30)