Ingen dramatiske endringar i undervisninga

Tekst: Per Straume , Foto: Marius Beck Dahle

- Oppdatert

Kroppsnære scener og klemming på scenen blir fråverande når teater og drama-studentane startar opp til hausten. Men elles får dei utfalde seg som før og undervisninga vil gå nesten som normalt.

– Dramafaget handlar om å vere i kontakt med noko og nokon, men det treng nødvendigvis ikkje å vere fysisk kontakt, seier Ray Corrado Knutsen.

Han er studieprogramleiar for Teater og drama ved Høgskulen i Volda og har grubla, diskutert med kollegaer og planlagt korleis studiehausten skal bli for førsteårsstudentane og dei som skal ta til på år to og tre på bachelorgraden i Teater og drama. Alt har ikkje vore like beint fram når alle smittevernreglane skal takast omsyn til, men Corrado Knutsen meiner dei har funne fram til løysingar som vil gi god og fullverdig undervisning.

Vere mykje ilag

Alle studentane skal få mykje undervisning med fysisk oppmøte på høgskulen, aller mest får førsteårsstudentane som har høgste prioritet.

– Dei som begynner på første året skal gå frå å vere 20 individualistar til å bli eit ensemble som skal jobbe tett saman. Difor er det viktig at dei får vere mykje ilag og lære kvarandre å kjenne. Det vart nesten ei lita sorg i den førre førsteklassen då dei etter koronautbrotet ikkje fekk jobba fysisk saman lengre. Det viser kor mykje det har å seie at ein er fysisk samla i dette faget, synest Corrado Knutsen.

LES OGSÅ: Slik blir studiehausten

Skal lære det same

Improvisasjon og teatersport står sentralt når nye teater og drama-studentar startar med undervisning i Volda. Så også i år – om enn på ein litt anna måte. Golvet i teatersalane er merka opp med teip slik at det skal vere enkelt å halde ein meters avstand, og kvar student får «sitt område».

Ray Corrado Knutsen
Høgskulelektor Ray Corrado Knutsen

– Det er lett å tenke at ein ikkje får utøvd noko på golvet og ha praktisk undervisning. Men så lenge vi er forsiktige og har smittervernreglane i bakhovudet blir ikkje dette noko problem. Alt det som vi har brukt å lære studentane før koronasituasjonen, skal vi lære bort no også, berre på ein litt anna måte, held høgskulelektoren fram.

Scener som det normalt sett er vanleg å spele tett inn til kvarandre vil ein no gjere ganske så likt – berre med litt avstand. Det vert også rom for fleire monologar.

Nytt konsept på fredagar

Andre- og tredjeklassingane vil også ha så mykje normal undervisning som mogleg. Andreklassingane har frå før ein del nettundervisning det komande semesteret, og med enda mindre fysisk undervisning, vil ein no bøte på det med eit heilt nytt tilbod.

Corrado Knutsen og kollegaene vil starte opp konseptet «fredagsworkshop». Der kan studentane møtes fysisk, spele saman og samstundes få rettleiing av lærarane.

– Då er det mogleg med litt ein til ein-rettleiing. Samstundes gjer vi dette for å skape samhald, ha det gøy og ikkje minst spele teater saman.
 

Del på