Festivalar

Engasjerte studentar gir studiebygda Volda fleire årlege kulturelle høgdepunkt. Med vakker natur, solide program og eit samansveisa studentmiljø ligg alt til rette for ei fantastisk festivaloppleving i Volda. 

Festivalar

Fadderveka

Under Fadderveka er målet at nye studentar skal bli kjent med Volda, høgskulen, samt nye og gamle studentar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein bra start. Dette skjer i form av konsertar, utandørsarrangement, omvising på campus og ulike samlingar og festar.

 

Fadderveka_Foto Dagfinn Graneng

Animation Volda

Animation Volda tiltrekkjer seg nasjonal og internasjonal merksemd. Mellom workshops og konsertar kan du sjå premierar på ekslusive animasjonsfilmar. Festivalen er eit knutepunkt mellom animasjonsstudentar, og kvalifiserer filmar til Fredrikstad Animation Festival.

 

animationvolda

Veka

VEKA i Volda er den største på Nordvestlandet. I tillegg til lokale talent i studentrevyen kjem stjerner og talent frå inn- og utland for å skape ei stemning og ein atmosfære du seint vil gløyme. Dei siste åra har artistar som Veronica Maggio, Talib Kweli, Team Me, Jonas Alaska og Honningbarna spelt i Volda.

 

Gabrielle på Rokken_Foto_Joakim Riise

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum og kombinasjonen av gode filmopplevingar og feststemte medstudentar er med på å gjere festivalen til ei hending ein definitivt må få med seg.

Dokfilm_Foto_Matias Hagen

X2 festivalen

Vintersportfestivalen X2 er den mest ekstreme vintersportshelga i regionen med knallharde konkurransar i tindebestigning og frikøyring, padling og paragliding. Festivalen er også ein sosial folkefest for publikum – også dei som heller vil ha peiskos enn ulendt terreng. Den sterke  festivalstemninga er ein viktig del av det som skaper Volda sitt unike studiemiljø.

Foto Olav Standal Tangen

Sunnmøre kammermusikkfestival

Kammermusikkfestivalen er ein internasjonal festival med kammermusikk av ypparste klasse. Festivalen skal vere ein møteplass for folk på Sunnmøre, musikarar og publikum, musikarane og studentane ved HVO, dei profesjonelle og amatørane.

 

Kaarstadfestivalen

Kaarstadfestivalen har som mål å skape ein arena og møteplass der dei dyktige og kreative studentane ved Avdeling for kulturfag kan møte publikum - unge som eldre - gjennom konsertar, kunstutstillingar, teaterframsyningar, filmar og fotografi m. m. av høg kvalitet.

Bygdesus

Bygdesus har som mål å gi publikum kul musikk frå artistar som enda er ukjende for dei aller fleste.