Fadderkontrakt: di rolle og oppgåve som fadder
Kva vil det seie å vere fadder? Kva går vervet ut på, kva forventar vi av deg og kva får du tilbake?
Fadderkontrakten som alle fadrar signerer i god tid før studiestart, avklarer dette. Det er ein bindande avtale om vervet mellom kvar enkelt fadder og styret i Fadderveka.
Alle fadrar vil også få kurs/opplæring i vervet gjennom ein Kick-off i mai/juni.
Fadderkontrakten kan bli justert litt kvart år, men standardkontrakten under her gir eit godt bilete av kva du kan forvente:
Eksempelkontrakt - Standard Fadderkontrakt
Kva er vel Fadderveka utan fadrar?! Fadrane har ei unik rolle for at nye studentar skal få ein god studiestart. Ei faddergruppe består av ca 20 studentar og blir leia av 2-3 fadrar. Som fadder viser du faddergruppa rundt, legg til rette for at alle skal bli kjent og inkludert, og bidreg til sosial aktivitet i gruppa dei første par vekene av studieåret.
Ved å introdusere Volda og Høgskulen til dei nye studentane på ein sosial måte, der fellesskap og gode opplevingar står i fokus, er du med på å skape det gode studentmiljøet i Volda.
Som fadder er du eit førebilete for dei nye studentane, og ein brubyggjar mellom nye og gamle studentar, samt tilsette. Du er med på å skape førsteinntrykket dei nye studentane får av studiebygda Volda. Det er ei viktig oppgåve som vi håpar du vil finne både artig og gjevande.
Oppgåver som fadder
- Du møter opp i Volda i god tid til studiestart
- Du får med deg viktig informasjon frå styret for Fadderveka og leiinga ved HVO
- Du leiar faddergruppa di saman med 1-2 andre fadrar, og bidreg til å skape lågterskel sosial aktivitet slik at gruppa kan bli kjent med kvarandre og studiestaden Volda
- Du er til å stole på, og deler ikkje sensitiv informasjon om dine fadderbarn vidare med andre utan samtykke
- Du kan bli fadder på eit anna studium enn du går på sjølv, men vi jobbar for å finne nok fadrar frå alle studium
- Du jobbar ei vakt på Rokken eller på eit anna arrangement i Fadderveka
- Du følgjer dei smitteverntiltaka som er nødvendige til ei kvar tid
Rolla som fadder
- Du opptrer som eit førebilete for dei nye studentane, og er ein god ambassadør for Høgskulen i Volda
- Du er ein trygg og inkluderande fadder som passar på at ingen i faddergruppa kjenner seg utanfor eller blir utsette for drikkepress
- Du har respekt for andre sine grenser, slår ned på upassande oppførsel og misbrukar ikkje din posisjon som fadder på nokon måte.
- Du nyttar sikresiden.no/fadder og set deg inn i kva du skal gjere om det oppstår krevjande eller uoversiktlege situasjonar. Det kan oppstå hendingar knytt til rus, uakseptabel oppførsel, seksuell trakassering, vald og truslar, behov for førstehjelp eller andre ting. Sikresiden har då gode tips, og også info på engelsk.
- Om det oppstår krevjande situasjonar, er det betre å be om hjelp ein gong for mykje enn ein gong for lite
Goder du får som fadder
- Kurs/samling for alle fadrar i forkant av fadderveka
- T-skjorte og/eller anna merch
- Fadderfrukost før studiestart, der det også blir gitt viktig info
- Gratis inngang på ein konsert på Rokken i etterkant av Fadderveka. Artist blir annonsert på eit seinare tidspunkt.
- Minner for livet og kanskje også venner for livet?!