Campus Volda

Volda er kjend for å vere ein oversiktleg og inkluderande studiestad med aktive studentar. 

Som student ved Høgskulen i Volda har du tilgang til hovudbygga døgnet rundt alle dagar. Vi har også eit stort bibliotek der du finn arbeidsplassar med og utan datamaskiner, lesesal, grupperom og ikkje minst eit stort utval av bøker og fagtidsskrift.

Kantine
Studentsamskipnaden i Volda driftar kantina som har eit stort utval lunsj- og middagsrettar.
Opningstidene er mandag - onsdag kl. 8.00-16.00, torsdag 8.00-16.30 og fredag 8.30-15.00

Parkering
Det er gratis parkering på campus. Vi oppmodar likevel dei som har moglegheit til å nytte seg av andre transportmiddel, og dei som pendlar til å fylle opp bilane. 

Noko du lurer på?
Kontakt Studentsørvis:
E-post: studentsorvis@hivolda.no 
Telefon: 70 07 50 18