Bustad i Volda

Å bu godt er ein viktig del av studentlivet. I Volda er du tett på det meste, og dei fleste bustadane ligg plassert slik at du har kort gå-avstand til høgskulen og sentrum.

Landets billegaste

Ei undersøking gjennomført av Høgskulen i Volda i 2017 viser at studentane som bur i Volda betalar gjennomsnitleg 3600 i leige per månad. Les meir her
 

Bustad hos Studentsamskipnaden

Studentsamskipnaden i Volda tilbyr gode studentbustadar fleire stadar rundt om i bygda. I 2019 og 2020 stod nesten 200 flunkande nye bustadar klare. Dei har kjekke buløysingar for den single studenten, par og familiar. Søk studentbustad her.

Private bustadar

Det finst eit godt utval med bustadar på privatmarknaden. Det er stor aktivitet på Facebook-sida Til leige i Volda og ØrstaHybel.no og Finn.no er også gode stadar å leite.