Student for ein dag

Vurderer du å søke opptak til Høgskulen i Volda? For å få eit innblikk i høgskulen og Volda som studiestad er du velkomen til å besøke oss.

Som student for ein dag vil våre studentambassadørar vise deg campus og gi førstehandsinformasjon om korleis det er å vere student i Volda. Meld deg på via skjemaet nedanfor så tilpassar vi eit opplegg etter dine ønsker.