Bli studentambassadør ved Høgskulen i Volda!

Er du student ved høgskulen og brenn for at andre skal få kjennskap til Volda som den beste studiebygda? Likar du å lage innhald til sosiale medium, elskar du å ta bilete, formidlar du godt – skriftleg og/eller munnleg? Er du glad i å møte og prate med folk?

Astrid Annette Engh og David Høyheim Skintveit
Studentane Astrid Annette Engh og David Høyheim Skintveit fortalde si Volda-historie under opninga av Utdanningsdagen i 2024.

Meld deg som studentambassadør!

Du treng ikkje å vere god på alt – fortel oss kva du har mest lyst til å jobbe med!

Oppgåver

Høgskulen i Volda (HVO) ønskjer å vise fram studentlivet frå studentane sitt perspektiv, mellom anna i marknadsføring, når vi reiser på skulebesøk og utdanningsmesser og når vi lagar innhald til våre eigne kanalar.

Målet er å løfte fram dei engasjerte studentane og studietilboda i Volda, slik at nye og potensielle studentar får lyst til å bli ein del av studiebygda Volda.

Som studentambassadør blir du invitert til å representere Høgskulen i Volda (HVO) ved ulike høve og på mange forskjellige måtar. Dette kan for eksempel vere:

  • Skulebesøk til vidaregåande og folkehøgskular
  • Utdanningsmesser i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Ålesund
  • Utdanningsdagar og andre arrangement i regi av HVO
  • Innhaldsprodusent for HVO sine sosiale medium, for eksempel TikTok og Instagram
  • Innhaldsprodusent til hivolda.no, skrive artiklar og ta bilete
  • Modell/skodespelar til produksjon av bilete og film til HVO sin foto- og mediebank, til bruk i HVO sine kanalar og plattformer

Alle oppdrag er lønna!