Studentvelferd

I Studenttinget er vi opptatt av at det må finst gode velferdsordningar for alle studentar. Under studentvelferd inngår temaer som ein billig stad å bo, kollektivtransport, at det skal finst gode tilbod for studentar med born. Sjukdom blant studentar kjem også under studentvelferd, og  kan vere alt frå psykisk helse, generell sjukdom eller tannhelse.

I tillegg er Studenttinget ein paraplyorganisasjon for alle studentlag og organisasjonar ved Høgskulen, og ønskjer å kunne bidra til at desse får støtte både økonomisk, f.eks. gjennom tildeling av velferdsmidler, og gjennom veiledning og tilrettelegging av ulik grad. Ønskjer de for eksempel å starte opp ein ny studentorganisasjon, men er usikker på korleis ein skal gå fram? Eller er du usikker på kva lag og organisasjonar som allereie finst ved Høgskolen i Volda? Dette er spørsmål vi i Studenttinget kan hjelpe deg med.

Studenttinget er ein organisasjon som i det store og heile ønskjer å jobbe for å skape trivsel for studentane ved Høgskulen i Volda, og studentvelferd er dermed ein naturlig del av våre arbeidsoppgåver.

Velferdsansvarleg i Studenttinget i Volda er Guro Kvist. 

 

TRENG DITT STUDENTLAG ELLER ORGANISASJON STØTTE?

Studenttinget i Volda deler kvart år ut velferdsmidlar til studentlaga og –organisasjonane i  Volda. STiV kan dele ut opp til 5 000 kr per søknad. Innkomne søknadar vert behandla fortløpande, og svar vert sendt på e-post.

Alt du treng å vite om søknad og vedlegg, finn du i Søknadsskjema velferdsmidlar, eller du kan kome innom STiV-kontoret for eit eksemplar! Lever søknaden til STiV, anten digitalt til stiv@hivolda.no eller på papir til STiV-kontoret.

For å få innvilga søknaden, må fylgjande vere oppfylt:

  • Minst 80 % av medlemsmassen i laget/organisasjonen må vere studentar
  • Laget/ organisasjonen må kvart semester sende inn oppdatert kontaktinformasjon til STiV.
  • Midlane kan ikkje brukast på alkohol. STiV får sine midlar frå HVO og SfS, og fylgjer deira retningslinjer på dette området.
  • Laget/organisasjonen må dokumentere bruken av minst 90% av midlane innan to månader etter utbetalingsdato (f.eks. kopi/scann/bilete av kvitteringar). Ved manglande dokumentasjon kan STiV krevje pengane tilbakebetalt.
  • Om tiltaket det er søkt midlar til vert avlyst eller endra, kan organisasjonen søkje om omdisponering av midlane gjennom ein kort, eigenformulert søknad utan vedlegg.

Har laget/organisasjonen bruk for meir i støtte? Hugs at de også kan søkje velferdsmidlar gjennom SfS! Studentsamskipnaden for Sunnmøre deler ut velferdsmidlar to gongar i året, og alle lag og organisasjoner ved HVO kan også søke økonomisk støtte der.